Leiarstøtte – seniorkonsulent/rådgivar
Kommunal- og distriktsdepartementet
Akersgata 59, 0180 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- ASO - rådgiver
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 11. november
Om stillinga
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) søkjer ein ny medarbeidar til statsrådens kontor. Dette er stillinga for deg som trivst med varierte oppgåver og mange kontaktflater, og som toler at arbeidstempoet til tider er høgt. Her følgjer du mellom anna opp saksflyten mellom fagavdelingar og politisk leiing, Stortinget og Statsministerens kontor. Du handterer òg førespurnader frå eksterne som ønskjer dialog med politikarane. Du blir ein del av eit team på tre medarbeidarar og vil ha utstrekt kontakt og samarbeid med kollegaer i departementet til dagleg.
Arbeidsoppgåver
Rolla di er å vere administrativ støtte for den politiske leiinga og departementsleiinga. Du skal mellom anna
- koordinere avtalar, møte, invitasjonar og liknande
- leggje til rette for møte og arrangement der politikarane deltek
- følgje opp kalenderen til politikarane
- utføre bestillingar, til dømes av reiser
- handtere reiserekningar og attestere fakturaer
- svare på e-post- og telefonførespurnader
- handtere løpande oppgåver på kontoret
Arbeidsoppgåvene vil variere og inneber tett kontakt med både den politiske leiinga, dei ulike avdelingane i departementet og eksterne aktørar.
Kvalifikasjonar
Du må ha- relevant utdanning i form av anten fagbrev, eller utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne med kontorfagleg bakgrunn. Lang og relevant erfaring kan erstatte utdanningskravet.
- erfaring med leiarstøtteoppgåver
- god formidlingsevne på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- god rolleforståing
- gode digitale ferdigheiter
- kjennskap til og interesse for politiske prosessar og offentleg forvaltning
- kjennskap til saksgang og kommunikasjonsformer mellom departement, regjering og Storting
I denne stillinga er det viktig å kunne samarbeide og kommunisere godt, vere fleksibel og serviceinnstilt, og ha evne til å ta initiativ. Du må klare å prioritere og arbeide sjølvstendig, og meistre ein travel kvardag der du handterer endringar, uventa situasjonar og tidspress.
Vi legg stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.
Du må dokumentere utdanninga og erfaringa di med CV, vitnemål og attestar.
Vi tilbyr
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr
- ein jobb der du kan utvikle kompetansen din i eit sterkt fagmiljø
- fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommartid
- arbeidsplass sentralt i Oslo sentrum
- moglegheit for å trene i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, forsikrings- og pensjonsordningar
- eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette, eige bedriftsidrettslag og bedriftshelseteneste
Som ny i KDD får du heilt frå starten av oppgåver som utfordrar deg, og ein fadder som følgjer deg opp. Departementet har eit introduksjonsprogram der du blir kjend med nytilsette i dei andre avdelingane. For tilsette under førti år har vi ei eiga foreining, Ung i KDD. Foreininga legg til rette for at unge i departementet kan møtast jamleg til faglege og sosiale samankomstar. Ønskjer du å vita meir om korleis det er å jobba hos oss, kan du lesa meir her: Tilsette om KDD – Jobb i KDD (regjeringen.no).
Løn: Stillinga blir lønt frå kr 650 000 til 750 000 i året, etter stillingskode som seniorkonsulent eller rådgivar. Stillings- og lønsinnplasseringa avheng av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt. Frå løna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse.
Klarering: Tilsetjing skjer under føresetnad av at søkjar blir sikkerheitsklarert på nivå HEMMELEG og autorisert. Les meir om sikkerheitsklarering her.
Slik søkjer du
Søknadsprosessen
Vi er opptekne av kva kompetanse og erfaringar du har, og ber deg derfor om å svare på nokre faglege spørsmål i staden for å skrive ein søknadstekst.
Når du trykkjer på «Søk stillinga», kjem du til rekrutteringsportalen, der du må logge inn. I portalen er det viktig at du
- svarer på dei innleiande spørsmåla (spørsmåla erstattar søknadstekst)
- legg ved vitnemål
- fyller ut CV-felta
Fyll ut alle felta sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV. Det er nødvendig mellom anna for at vi skal kunne oppfylle kravet om fullstendige søkjarlister.
Inkludering og mangfald
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vera tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les meir om inkludering og mangfald her.
Bakgrunnssjekk før tilsetjing
KDD nyttar Semac til bakgrunnssjekk i denne rekrutteringsprosessen. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå kandidaten, og inneber mellom anna at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. Tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om deg som søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.
Kontaktpersonar: Ønskjer du nærmare opplysningar om stillinga, kan du nærmare opplysningar om stillinga: kontakt avdelingsdirektør Ole Martin Svendsen på tlf. 952 16 468 eller e-post Ole-Martin.Svendsen@kdd.dep.no, eller rådgiver Anette Håndstad på tlf. 938 78 945 eller e-post Anette.Handstad@kdd.dep.no.
Har du spørsmål om rekrutteringsprosessen: kontakt rekrutteringsrådgivar i DSS Tale Fredriksen, på tlf. 908 43 773 eller e-post Tale.Fredriksen@dss.dep.no.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har om lag 230 tilsette og er sekretariat for kommunal- og distriktsministeren. Departementet har ansvar for kommuneøkonomi og lokalforvaltning, regional- og distriktspolitikk, bustadpolitikk, plan- og bygningslova, kart- og geodatapolitikken, valgjennomføring og politikken overfor samar og nasjonale minoritetar. Departementet har fleire underliggjande etatar og verksemder, som Direktoratet for byggkvalitet, Distriktssenteret, Husbanken, Husleigetvistutvalet, Internasjonalt reindriftssenter, Kartverket og Valdirektoratet.
Avdeling for styring og organisering sørgjer for stabsfunksjonar for den politiske leiinga og departementsråden, utviklar styringssystem og fastset overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing av departementet. Avdelinga tek seg av administrative fellessaker og ser til at verksemda skjer innanfor gjeldande reglar og retningslinjer på det administrative området.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb9175d0-b7c4-4cd1-8ff0-4df907e57d71
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268298
Lignende annonser
KOMM - førstekonsulent/rådgiver
Arbeidsgiver
Kommunal- og distriktsdepartementet
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS)
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS)
Sted
Oslo