Fagarbeider/assistent i barnehagen - inntil 100 % vikariat
Øyfjell oppvekstsenter, Vinje kommune
Kyrkjevegen 25, 3890 Vinje
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeider/assistent i barnehagen - inntil 100 % vikariat
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. desember
Øyfjell oppvekstsenter er ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje kommune. Øyfjell er ei levande bygd med mykje aktivitet, der barnehage og skule er ein viktig del av lokalmiljøet. Både barnehage og skule har nærleik til flott natur, og brukar nærområdet mykje til aktivitetar og turar. Me har store og fine uteområde til leik og læringsaktivtetar, og har mellom anna skulehage, ljosløype, ballbinge, gapahuk og grillhytte. Me har 21 barn i barnehagen og 32 elevar i skulen.
Me ynskjer oss tilsette som er tydelege, inkluderande, engasjerte og som har hjarte for arbeid med barn og unge. Me legg stor vekt på trygt og inkluderande læringsmiljø, der både barn og tilsette kan trivast og utvikle seg.
Har du lyst til å vere med å utvikle arbeidet ved Øyfjell oppvekstsenter, vil me gjerne ha deg med på laget vårt i barnehagen.
Velkomen som søkjar!
Arbeidsoppgåver
- Delta i barna sin leik og aktivitet, ute og inne.
- Vere medansvarleg for barna sin heilskaplege trivsel og utvikling.
- Delta aktivt i det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdeling.
- Skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna.
- Bidra til lærande fellesskap i barnehagen.
- Bidra til godt samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar.
- Bidra til at barnehagen har godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Anna relevant utdanning retta mot barn og opplæring , barnehage og skule kan bli vurdert.
- Erfaring frå liknande arbeid med barn kompensere for utdanning om me ikkje får fagutdanna.
- God munnleg og skriftleg kompetanse.
- Du må ha IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og tek initiativ.
- Du er fleksibel og finn løysingar.
- Du er strukturert og overheld tidsfristar.
- Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette og andre samarbeidspartar.
- Du må vera glad i aktivitet, både inne og ute.
- Du må trivast i ein hektisk kvardag.
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr
- Eit godt fagleg miljø med fokus på kvalitet.
- Varierte og spennande utfordringar.
- Ein arbeidsplass prega av humor og glede.
- Løn etter lokal lønstabell, kvalifikasjonar og ansiennitet.
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
- Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb.
- Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Oppstart i stillinga er snarast råd.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Maria Bruleite Bjåen, Verksemdsleiar, 91719899, maria.bjaaen@vinje.kommune.noUnni Kristensen, Ass. verksemdsleiar, 97176385, unni.kristensen@vinje.kommune.no
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 253890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5026268404
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 14.08.2026
Søknadsfrist: 12.12.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb910d1f-f624-49cb-82f1-c972b69b138d
- Sist endret
28. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
be5e71f9e6cc4145bb60c6c9c698996b
Lignende annonser
Tillkallingsvikar - inntil 100% vikar
Arbeidsgiver
Edland barnehage, Vinje kommune
Sted
Edland
Lærar - Tilkallingsvikar
Arbeidsgiver
Edland skule, Vinje kommune
Sted
Edland
Helsefagarbeidar -helgestilling fast
Arbeidsgiver
Svingen/Reini, Vinje kommune
Sted
Vinje