Miljøterapeut i avdelinga for menneske med nedsatt funksjonsevne
Voss herad Villa Gjerdebu
Ringheimsvegen 212, 5710 Skulestadmo, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100 % fast stilling som Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.
Om arbeidsstadenStillinga er knytt til butiltak i avdelinga menneske med nedsett funksjonsevne
Medlevarturnus med arbeid to- tre døgn, fri seks-sju døgn. Arbeid kvar 4. helg
Rekruteringstillegg for vernepleiar kr 16 000,-
Arbeidsoppgåver
- bistå bebuar i dagliglivet sine gjeremål og medverke til at den enkelte tek i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjøvstendigheit
- bidra til fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø i virksomheita
- dokumentering i pasientjournalprogrammet Aidn, det vil bli gitt opplæring
- kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande
- andre oppgåver kan verta lagt til stillinga
- som tilsett skal du vere med å bidra til at teamet yter heilheitleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske som har ein åtferd som utfordrar
Kvalifikasjonar
- vernepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning
- gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftlig
- har gode faglege kunnskapar og kjennskap til relevant lovverk
- tverrfagleg komptanse
- relasjonskompetanse
- rettleiingskompetanse
- førarkort klasse B
- fordel med erfaring i målretta arbeid ved åtferdsutfordringar
- har stort engasjement for målretta arbeid i relasjonar til menneske som har åtferdsutfordringar
- kan arbeide systematisk og målretta
- er ein trygg og leiken vaksen som kan stå i utfordrande situasjonar
- har gode samarbeidsevner og er positiv til endringar
- bidrar til eit opent og positivt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- tverrfagleg samarbeid
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- rekruteringstillegg for vernepleiar kr 16 000,-
Personelg eigenskapar vil verta vektlagt
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.
Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk
ellertakast med ved evnt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg
søkjarliste.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb8ccdbe-e1bd-44fc-a9f1-c43091e8bfcd
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3425407_213079_nn