Postdoktor i akustikk og fiberoptisk distribuert akustisk måling (DAS)
Universitetet i Bergen
Allegaten 55, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Postdoktor i akustikk og fiberoptisk distribuert akustisk måling (DAS)
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. februar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktor i akustikk og fiberoptisk distribuert akustisk måling (DAS)
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor i akustikk og fiberoptisk distribuert akustisk måling (DAS). Arbeidsstaden vil vere Bergen, som medlem av Akustikkgruppa.
Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til prosjektet «Leveraging Distributed Acoustic Sensing for Enhanced Well Operation (LeDAS)». LeDAS er eit Kompetansebyggjande prosjekt for næringslivet (KSP), finansiert av Noregs forskingsråd og industripartnarane Equinor og Aker BP.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet er leia av forskingsinstituttet NORCE og blir gjennomført i samarbeid med UiB, SINTEF, NTNU og Politecnico di Milano (Polimi). Stillinga inneber moglegheit for eit forskingsopphald ved Polimi, der postdoktoren vil arbeide tett med internasjonale partnarar med fysisk modellering av korleis akustiske signal blir genererte og transmitterte under fleirfase straumforhold. Eit slikt opphald kan bli mogleg dersom ein får ekstra mobilitetsfinansiering, noko det er forventa at kandidaten sjølv søkjer om.
Distribuert akustisk måling (DAS) er ein lovande teknologi for nedihols-monitorering av straumprosessar i petroleumsbrønnar, der fiberoptiske kablar blir brukte som akustiske sensorar. Trass i potensialet baserer noverande metodar seg mykje på empirisk tolking av dei akustiske dataa, med avgrensa presisjon og vanskar med å overføre DAS-basert analyse mellom ulike installasjonar. Ein vesentleg barriere er manglande forståing av korleis akustiske bølgjer blir genererte og forplantar seg i brønnar. Prosjektet LeDAS har som mål å møte desse utfordringane ved å kombinere fysisk modellering, avansert signalprosessering og maskinlæring i eit hybrid tolkingsrammeverk. Målet er å etablere robuste, kvantitative metodar for inflow-monitorering og virtuell straummåling (VFM) ved hjelp av DAS. Prosjektet vil avhenge av eksisterande og nye datasett frå laboratorium og felt.
Postdoktoren vil bidra til prosjektet si arbeidspakke Physical Modelling of Sound Generation and Propagation og samarbeide tett med andre arbeidspakkar relaterte til signalprosessering og maskinlæring. Saman skal desse aktivitetane danne det vitskapelege grunnlaget for forståing av korleis akustisk støy blir skapt og forplantar seg frå fluidet til DAS-fiberen. Resultata vil danne grunnlaget for neste generasjon av DAS- tolkingsverktøy for energisektoren.
Postdoktoren vil:
- Utvikle og implementere fysiske og numeriske modellar som skildrar generering og forplanting av akustisk støy i fleirfase brønnstraum.
- Undersøkje korleis fluidsamansetjing, turbulens og brønngeometri påverkar dei akustiske signaturane som blir målte med DAS-system.
- Bidra til utviklinga av ein signalsimulator som kan tolke akustiske DAS-signaturar under ulike strøymingsforhold.
- Samarbeide med partnarar om signalprosessering og maskinlæring for å kople saman fysikkbaserte modellar og datadrivne algoritmar.
- Ta del i felles forskingsaktivitetar, publisering og formidling av resultat gjennom konferansar og workshops.
- Arbeide i opptil eitt år ved Politecnico di Milano som del av internasjonal forskarutveksling, under føresetnad av ekstra mobilitetsfinansiering.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor akustikk, fluidmekanikk eller eit anna relatert felt. PhD-studentar kan søkje dersom disputasen er planlagt gjennomført innan 31.03.2026. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Dokumentert erfaring frå numerisk modellering eller simulering er eit krav.
- Gode ferdigheiter i programmering og dataanalyse er eit krav.
- Søkjaren må vise evne til å utøve uavhengig forsking og publisere i fagfellevurderte tidsskrift.
- Søkjarar må ha sterke analytiske evner og vere gode problemløysarar, med entusiasme for forsking, innovasjon og multidisiplinært samarbeid.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Det er ein fordel med erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område:
- fiberoptisk akustisk måling (DAS) eller relaterte eksperimentelle teknikkar.
- kunnskap om signalprosessering, maskinlæring, hybrid modellering eller akustiske bølgjeleiarar.
- samarbeids- og multidisiplinære prosjekt.
- eksperimentelt feltarbeid.
- arbeid i, eller i samarbeid med industri.
- Gode norskkunnskapar er ein fordel på grunn av undervisningsbehov i havteknologi.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Hovudarbeidsstaden vil vere i Bergen, og kandidaten må vere førebudd på å vere opptil eitt år i Milano.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll, og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til denne stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt. Dersom UiB ikkje har motteke positivt svar på søknad om eksportlisens innan 16 veker, kan stillinga verte tilbydd til ein annan søkjar.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna kvalifiserande arbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 657 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. Søknadsteksten må peike eksplisitt på kvart kvalifiseringskrav (både krav og fordelar) som er beskrive i utlysinga og vise tydeleg korleis søkjaren tilfredsstiller dei.
- Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 31.03.2026.
- Relevante attestar
- Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Audun Oppedal Pedersen, Institutt for fysikk og teknologi, audun.pedersen@uib.no, tlf. 55 58 27 85, eller instituttleiar Kjetil Ullaland, Institutt for fysikk og teknologi, kjetil.ullaland@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb84c621-ffb8-42f4-a96f-b1fd69417bac
- Sist endret
12. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276831
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Stipendiat i i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen