Me søker reinhaldar/kafèmedarbeidar/kantinemedarbeidar
Langevåg Bygdatun As
Hovlandsvegen 3, 5443 Bømlo, Bømlo, Vestland
Om jobben
Stillingstittel
Kantinemedarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 75%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, alle dager
Antall stillinger
1
Langevåg Bygdatun AS leitar framleis etter allsidige personar til kafèen og i kantinene. Me treng både deg som kan gå inn i eit års vikariat, men også deg som kan ta vakter sporadisk. Passer også for deg som vil ha eit "friår" frå studier.
Først og fremst treng me medarbeiderar som er fleksible, har eit godt humør og har fokus på oppgåvene.
Me treng deg som kan jobbe systematisk og effektivt, har sans for detaljar og som kan representere Langevåg Bygdatun på best mogleg måte. Det er viktig at du er serviceinnstilt, samarbeidsvillig og ikkje redd for å ta i eit tak.
Me leiter etter deg som:
- Har erfaring med å jobbe med/interesse for mat og/eller reinhald
- Er utadvendt, serviceinnstilt og til å stole på
- Er effektiv og fleksibel
- Har gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg
- Kan jobbe sjølvstendig, men også samarbeide om oppgåvene
- Har førarkort klasse B med manuelt gir
- Ønsker å bidra positivt inn mot eit godt arbeidsmiljø
Me kan tilby:
- Opplæring
- Kjekke kolleger
- Løn etter tariff
- Trygg og god arbeidsplass
- Moglegheiter for andre oppgåver på huset
- Moglegheit for fast stilling på sikt
Kort søknadsfrist: Snarest, men innan 19.juli. Oppstart medio august.
Om bedriften
Langevåg Bygdatun AS er hjarta i bygda Langevåg på Bømlo. Me skal vere ein foretrukken møteplass for unge og vaksne fastbuande, hyttefolk og turistar. Me har kafè, idrettshall, kultursal, skytebane, treningssenter og ungdomsklubb. På Bygdatunet finn du også matbutikk, fysioterapeut, helsestasjon, legekontor, tannlege, bank og kontorplassar. Me ligg lokalisert på historisk grunn midt i sentrum av bygda. Våre gode naboar er skulen, bedehuset og båthamna. Bygda er i positiv utvikling med etablering av nye arbeidsplasser i Bømlo Fiskerihamn med alt dette medfører.
Langevåg Bygdatun AS drifter også kantiner for lokale bedrifter og har omlag 15 tilsette.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2392174
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
eb7347a5-85d6-44ce-a45c-62f58ad3f77e