Sjukepleiar - 100% fast
Sjukeheimen langtidsavdeling, Vinje kommune
Vinjevegen 212, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 19. mai
Vinje sjukeheim ynskjer å styrke fokuset på demensomsorgen, for å møte dei utfordringane me ser i dag, samt framtidas behov innanfor eldreomsorg. Me søkjer difor etter ein sjukepleiar som er spesielt interessert i demensomsorg, og som ynskjer å vere pådrivar for å auke kvaliteten på tenestene.
Stillinga vil vere todelt, der du i 60 % vil vere ein del grunnbemanninga på demensavdelingane. Du vil jobbe pasientnært og i tett samarbeid med øvrig personell i gruppene. 40 % av stillinga vil vere sett av til fagutvikling, der me forventar at du bidreg til internundervisning, oppdatering av prosedyrer og utfører etisk refleksjon i dei ulike gruppene.
Me nyttar årsturnus, og vil leggje opp turnusplanen etter innspel frå deg. Turnusen er med arbeid i helg, 16 helger i året. På helg er du ein av to sjukepleiarar på vakt på sjukeheimen, og vil ha utvida ansvar for heilskapen av drifta.
Sjukeheimen består av:
- Korttid/rehabilitering: 9 plassar, der 2 av plassane er KAD-plassar
- Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper
- Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar
Høyrest dette ut som ein jobb for deg? Då ynskjer me å sjå din søknad!
Arbeidsoppgåver
- Observere, kartlegge og iverksette individuelt tilpassa planar.
- Utføre direkte pasientretta oppgåver, i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
- Pasientoppfylging med legevisitt.
- Rettleie, gje fagleg støtte, og tilrettelegge for kompetanseutvikling i gruppene.
- Systematisk pårørandearbeid.
- Sikre at interne prosedyrer og rettningsliner er i samsvar med gjeldande forskrift og lovverk.
- Ansvar for systematisk etisk refleksjon i gruppene.
- Delta i hukommelsesteamet i kommunen.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Relevant erfaring og kompetanse.
- Vidareutdanning innanfor demensomsorg eller geriatri er eit ynskje, men ikkje eit krav.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert i fagleg utvikling, både for deg sjølv og dine kollegaer.
- Du har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team.
- Du har evne til å skape gode relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer.
- Du er trygg i deg sjølv, som person og i sjukepleiarrolla.
- Du har evne til å gjennomføre og få med deg tilsette på ein god måte.
- Du er pådrivar for å få satt rutiner og prosedyrer i system.
- Du har evne til å jobbe målretta og systematisk.
- Du er fleksibel og kan arbeide på tvers av avdelingar.
Vi tilbyr
- Ein god arbeidsplass med engasjerte medarbeidarar, som har fagleg fokus på pasientane og som yter det lille ekstra.
- ABC-kurs innanfor ulike geriatriske tema.
- Støtte til vidareutdanning innanfor relevant fagområde.
- Tett samarbeid med demenskoordinator i kommunen.
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, +47 99 25 16 24Arbeidsstad
Vinjevegen 2123890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4950815388
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Hanne Kristin Finkenhagen
Avselingsleiar langtidsavdelinga
+47 99 25 16 24
Om bedriften
Langtidsavdelinga på sjukeheimen består av 25 sengeplassar fordelt på 3 grupper. 13 plassar er tilrettelagt for personar med kognitiv svikt og demens. Ei langtidsavdeling med 12 sengeplassar, der pasientane får pleie og stell gjennom heile døgnet. Det er legevisitt tre dagar i veka av fast tilsynslege.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2932872
- Hentet fra
talentech
- Referanse
39db120dc8174c2fa2d236cba3c0ff26