Brannkonstabel, 3,17 %
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Brannkonstabel, 3,17 %
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. desember
Ynskjer du å bidra når det verkeleg er behov for hjelp eller assistanse ? Då kan det vere det er deg me søkjer etter!
Tysnes kommune har tre ledige deltidsstillingar i 3,17 % som brannkonstabel ved Tysnes brann- og redning. Me ser etter kandidatar som har eit genuint ynskje om å gjera ein skilnad i samfunnet, og som vil vera med å vidareutvikla Tysnes brann- og redning til å bli endå betre.
Tysnes brann og redning skal rykkja ut på kort varsel for å redda liv, helse, miljø og materielle verdiar. Tenesta er dimensjonert i samsvar med Forskrift om organisering, bemanning og utrusting av brann- og redningsvesen og nødmeldesentralen (brann- og redningsvesenforskriften), som mellom anna byggjer på innbyggjartal og risiko-objekt. Det er ikkje kasernert vakt og tenesta er basert på deltidspersonell. Alarmering/melding skjer via 110.
Stillinga som brannkonstabel har ein storleik på 3,17 prosent, noko som utgjer 58 øvingstimar og 8 timar til mannskapsmøte per år. I tillegg kjem utrykningar, som vert godtgjort i samsvar med avtaleverk.
Tal på stillingar kan avvika noko frå lysinga.
Merk: Dette er deltidsstillingar utan heimevakt. Du kan utføra ditt vanlege arbeid sjølv om du er tilsett hjå oss, men du må kunne rykkja ut ved utalarmering. Dette innebærer at du må bu og arbeida i nærleiken av brannstasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av kommunen si beredskapsstyrke ved brann, trafikkuhell, redningsoppdrag og andre akutte hendingar.
- Inngå i beredskap med plikt til å bere radioterminal, samt møte ved utalarmeringar når ein har høve.
- Delta på øvingar i samsvar med fastsett øvingsplan.
- Delta på mannskapsmøter.
- Bidra til vedlikehald og ettersyn av materiell og utstyr, samt anna førebyggjande og driftsrelatert arbeid ved stasjonen.
- Delta i kurs og opplæring, samt bidra aktivt til godt arbeidsmiljø.
Kompetansekrav
Må ha:- Vere fysisk og psykisk skikka til ei utfordrande og krevjande teneste, med haldningar som er godt foreint med brann og redningsvesenet sine oppgåver.
- Arbeidsstad og bustadadresse innanfor rimeleg tid frå brannstasjonen.
- Ha førarkort kl. B.
- Meistre norsk, skriftleg og munnleg
- Vera viljug til å gjennomføra lovpålagd utdanning/kurs, samt andre relevante kurs for stillinga.
- Erfaring frå brann- og redningsarbeid
- Grunnkurs, BRSK
- Kompetansebevis for utrykningskøyretøy kode 160
- Førarkort kl. C.
- Båtførarbevis, VHF-sertifikat og sikkerhetskurs
Som røykdykkar må ein årleg gjennomføra fysisk test, visa til godkjent helseattest etter bestemt intervall, samt gjennomføra oppsette røykdykkarøvingar.
Tilleggskrav
Ved tilsetjing vert det lagt vekt tilgjengelegheit og nærleik til brannstasjon, samt at hovudarbeidsgjevar godtek at du kan forlata arbeidsplassen ved utalarmering og fylgja øvingskalender. Øvingane vil fortrinnsvis vere på kveldstid, men felles øvingar med naudetatane vil kunne vere på dagtid.
Personell som har mangler i dei formelle kvalifikasjonskrava må gjennomføre pålagte kurs etter oppsatt opplæringsplan.
Personlege eigenskapar
Me er avhengig av tydeleg kommunikasjon og gode samarbeidsevner, og søkjer etter deg som er ein lagspelar. Du må vere raus, inkluderande og ha gode mellommenneskelege eigenskapar. Ut frå at stillinga kjem i tillegg til eit hovudarbeid, er det viktig for oss at du har ei genuin interesse og eit engasjement for å delta i teneste innan brann og redning. Det vert også lagt vekt på eigenskapar som at du er løysingsorientert, fleksibel og evnar å arbeide sjølvstendig.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Hjå oss vil får du ei stilling i ei samfunnsnyttig og utfordrande teneste. Me er oppteken av kvar enkelt si rolle i avdelinga, på å bygga eit godt lag, med fokus på kontinuerlig forbetring. Sjølv om stillingsprosenten er låg, er engasjementet og interessa for oppgåvene heilt avgjerande når krisa oppstår. Brannkonstablar vert tilbudt kurs og opplæring.
Tilsettjing, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. I tillegg til årsløn vert det gjeve godtgjersle for bæring av radioterminal, risikotillegg, og overtidstillegg for utrykking.
Ettersom det er viktig med ei fysisk god helsa, vert det lagt til rette for at den enkelte kan halda seg i form gjennom fysisk trening.
Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår.
Dersom du synes dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming, og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggja til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eb4d6b9c-e50a-484c-b51b-b6e8ae41ec50
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269520
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal, Tysnes
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal
Sjukepleiar, 100 % - heimebaserte tenester
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal