Operatørar Stålutrustning og Sveis, med og utan fagbrev
Ulstein Verft AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Operatørar Stålutrustning og Sveis, med og utan fagbrev
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
4
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Ulstein Verft er inne i ei spanande fase med fleire signerte kontrakter på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire operatørar og hjelpearbeidarar i teamtet vårt.
Vi er på jakt etter deg med interesse for skipsbygging og skipsoppgradering. Hos oss vert du utfordra gjennom nye oppgåver og vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg.
Personleg utvikling er viktig for trivesel, så om du ikje har alle kvalifikasjonane vi er ute etter, vert du likevel oppmoda om å søkje.
Korleis er det å jobbe i Ulstein Verft?
Det å jobbe på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spanande og utfordrande oppgåver som skal løysast og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak foregår innandørs i vår utrustnings- og dokkhall. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, påliteligheit og leveringspresisjon.
Oppgåver du vil jobbe med
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blandt anna innebere:
- Montering og sveising av ulike typer dekksutrusting som kraner og vinsjar
- Bygging, sveising og montering av fundament
- Bygging, sveising og montering av større stålkonstruksjonar
- Bruk av tyngre bearbeidingsutstyr som valse, knekke, brennemaskin, sager mv
- Reparasjon og vedlikehald av fartøy
Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare
Mange av våre tilsette ved avdelinga har fagbrev som industrimekanikar eller platearbeidar. Manglar du fagbrev? Vi kan vere behjelpeleg med å få tatt dette.
Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene våre.
Lagånda står sterkt i Ulstein og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre og gjere Ultsein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulsten Verft byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikringss- og pensjonsordnignar og fleksitidsavtale for våre tilsette.
I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i SunnmørsalpaneKontaktinformasjon
Per Oskar Solhaug, Supervisor 1, Prod. Outfitting & Prod. Welding, +47 47 64 53 55, per.solhaug@ulstein.comStig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, 91 58 10 13, stig_b.slettebakk@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 4721555522
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.12.2023
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2479205
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9bef367ddf0d40ddbe4890b836bc3533