Senterkoordinator Vardesenteret
Seksjon for kreftbehandling og palliasjon Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Senterkoordinator
Antall stillinger
1
Helse Møre og Romsdal søker ein framoverlent senterkoordinator for det nye Vardesenteret i 100 % stilling. Stillinga er organisert i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering med arbeidsstad Ålesund.
Helse Møre og Romsdal skal, saman med Kreftforeningen, etablere eit Vardesenter ved sida av kreftbygget ved sjukehuset i Ålesund. Senteret åpner hausten 2023 og skal være eit meistringssenter for kreftpasientar og pårørande i heile Møre og Romsdal. Helse Møre og Romsdal HF og Kreftforeningen deler ansvaret for å etablere og utvikle senteret. Oppstart i stillinga vil bli etter avtale.
Som koordinator for senteret skal du bidra til å integrere og forankre Vardesenteret i pasientforløp og ikkje minst bidra til å gjere det unike tilbodet kjent i kommunane i fylket. Du får ansvar for drift av senteret der likepersons arbeid, frivilligheit, psykososial støtte, kosthald, meistringstilbud og fysisk aktivitet blir sentrale aktivitetar. Du skal også fasilitere fagutvikling som ein naturlig del av arbeidet på senteret. Stillinga er plassert i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i sekjson for kreftbehandling og palliasjon Ålesund, og du vil jobbe tett saman med klinikken og Kreftforeningens distriktskontor i Midt-Norge. Det må påregnast at ein bidreg internt i eigen seksjon ut ifrå behov og kompetanse.
Helse Møre og Romsdal HF (HMR-HF) har virksomheit i heile Møre og Romsdal. Ansvaret for ikkje-kirurgisk (onkologisk) behandling av kreftpasientar (medikamentell behandling, stråleterapi og palliasjon) ligg hovedsakeleg i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering (KKR). Den onkologiske virksomheita er for tida organisert med 11 senger, stråleterapieining og omfattende poliklinisk virksomheit i Ålesund, Volda, Molde og Kristiansund. I tillegg tilbyr vi pasienthotell i Ålesund og organisert fysisk aktivitet via Pusterom i Kristiansund og Ålesund.
I tillegg til pasientbehandling er klinikken ein offensiv pådrivar innanfor fagutvikling/forsking, Vi er på nasjonalt topp nivå på fleire områder – spesielt innan utvikling av kunstig intelligens. Vi tilbyr også undervisning til pasientar, pårørande og helsepersonell. Den akademiske virksomheten foregår i aukande grad i samarbeid med NTNU.
Arbeidsoppgåver
- Hovedoppgåva er å koordinere meistringssenteret for kreftpasientar og pårørande og vere ansvarlig for dagleg drift av senteret
- Bidra til å integrere senteret og tilbodet i regionale og lokale pasientforløp og bygge eigarskap på tvers av helseforetaket og kommunane i fylket
- Bidra til å utvikle senteret til ein kompetansearena for rehabilitering og seineffekter med fokus på kompetanseoverføring mellom spesialist- og primærhelsetenesta
- Bidra til utvikling og utprøving av nye tilbod og aktivitetar basert på nye behandlingsmoglegheitar og brukerbehov, deriblant digitale løysningar/tilbod
- Bidra til å styrke innovasjon, fagutvikling, forskning og kunnskapsformidling innanfor senteret sine satsingsområder
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå og/eller relevant arbeidserfaring
- God kjennskap til og erfaring frå norsk helsevesen
- Erfaring med prosjektarbeid/-leiing
- Brei samfunnsforståing og interesse for frivillig sektor sin samfunnsrolle- og funksjon
- God muntleg og skriftleg fremstillingsevne, gode IT-ferdigheiter og digital kompetanse er ei forutsetning
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Trives med å jobbe selvstendig og strukturert
- Har stor gjennomføringskraft og arbeidskapasitet
- Har gode samarbeidsevner og liker å jobbe tverrfaglig i team
- Personlig egnethet vektlegges.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Liv Bodil Angvik Ipsen, Seksjonsleiar, 70106985, Liv.Bodil.Angvik.Ipsen@helse-mr.noJo-Åsmund Lund, Overlege onkologi, 48055973, Jo-Asmund.Lund@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4630108970
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.04.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2290100
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4841ead6808645d58d6ce8815236add5