Vil du bli vår nye kollega?
Nissedal kommune
Treungvegen 398, 3855 Treungen
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
2
Kåsa bu- og avlasting søker vernepleiar/sjukepleiar i 2 x 100% fast stilling -- Id 2023/1150
Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med 8 leilegheiter, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder, frå barn til eldre. Og det er variasjonar i hjelpebehovet.
Vår kompetanse er særlig knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk. Vi har eit bredt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet. Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fageig utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt, og det er eit stort engasjement og delaktighet. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Medikamenthandtering
- Fagansvar
- Fremme målretta og metodisk miljøarbeid, samt delta i bebuaranes daglege aktivitetar og gjeremål
- Koordinere tenestar og samarbeide tverrfagleg
- Rettleiing og opplæring av kollegaer
- Handtere uforutsette situasjonar på ein fagleg og etisk forsvarleg måte
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver
- Jamleg samarbeid med pårørande
- Bidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
- Annan 3-årig universitetsutdanning innan helse- og sosialfag, med erfaring innan brukargruppa
- Kan beherske digitale verktøy
- Gode norskkunnskaper, muntleg og skriftlig
- Førarkort klasse B
Gyldig politiattest må leggast fram før arbeidsforholdet startar. Denne attesten skal ikkje ligge ved søknaden.
Personlege eigenskapar:
- Samarbeidsevne
- Fleksibel
- Interesse for fagleg utviklingsarbeid
- Engasjert og løysningsorientert
- Positiv og opptatt av eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Eit godt fagmiljø med engasjerte og positive kollegaer
- Varierte arbeidsoppgåver i ei verksemd i endring
- Arbeid i turnus, med ulike helgeordningar som ordinære vakter kvar 3. helg eller langvakter kvar 4. eller 6. kvar helg. Det er også moglegheit for langvakter i vekedagar
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglement
- Lønn etter tariff, og ein inngangsansiennitet på 10 år for personell med høgskuleutdanning på bachelor-nivå.
Søkjarlista kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.
Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervju.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingsleiar Kristine Vik Ohren på e-post: kristine.vik@nissedal.kommune.no og tlf. 35 04 85 73 mob. 47 62 05 29.
Søknad på elektronisk søknadsskjema Søknadsfrist: 25.10.2023Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2445505
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
eb0619ee-444e-45ec-9b59-51e354fdb1d9