Kultursjef - einingsleiar Vigdartun kultursenter
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
Stillingstittel
Kultursjef - einingsleiar Vigdartun kultursenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. mai
Om stillinga
Vil du vere med å utvikle kulturlivet i Sveio kommune?Vi ser etter ein leiar med visjonar, eit sterkt engasjement og forståing for kor viktig kultur er for levande gode lokalsamfunn. Sveio kommune sin visjon er vilje til vekst og ein god stad å leva. Som kultursjef vil du ha ei sentral rolle i å fremje visjonen og leggje til rette for eit breitt spekter av kulturverksemder, slik at alle får høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleve eit mangfald av kulturuttrykk. Du må ha gjennomføringsevne og bidra til at vi held ved lag, styrka og vidareutvikla ein posisjon som ein synleg og sterk kulturkommune.
Du vil ha ansvar for å ivareta og vidareutvikle aktivitet- og fritidstilbod til barn og unge i kommunen gjennom kulturskule, fritidstilbod, idrettsanlegg, ungdomsråd og via frivillige organisasjonar. Eininga har ansvar for kommunen si folke- og skulebibliotekdrift, kulturforvaltning og arrangement samt satsinga i Fartein Valen-arbeidet.
Stillinga som kultursjef - einingsleiar for Vigdartun kultursenter er ei sjølvstendig stilling. Du får arbeida med mange dedikerte eldsjeler og kulturarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
Vere kommunen sitt ansikt utad på kulturfeltet.
- Strategisk utvikling av kommunen sitt kulturtilbod, inkludert idrett og friluftsliv, med fokus på førebyggande barn og unge, folkehelse og samarbeid med dei frivillige
- Leie og utvikle kulturskulen i kommunen, -administrativt og pedagogisk ansvar
- Ansvar for Kulturskulen, bibliotektenestane, Vigdartun kultursenter med ungdomsarbeid, fritid- og møteplassar, idrettsanlegg, ungdomsråd og samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, og på tvers med andre einingar, kulturforvaltning og arrangement samt satsinga i Fartein Valen-arbeidet
- I tråd med kommunen sin planstrategi skal ny kulturplan bli arbeid med i perioden 2025 til 2027
- Fag-, økonomi- og personalansvar samt overordna resultatansvar for verksemda
- Å vere bindeledd mellom området kultur og administrativ leing i kommunen
- Styrka samspelet mellom offentleg sektor, dei frivillige og næringsliv for å sikre et sterkt og engasjert kultur- og idrettstilbod
- Initiere og gjennomføra prosjekt, i samarbeid med medarbeidarane sine, som bidreg til auka inkludering, deltaking og engasjement i kulturlivet
- Sakshandsaming, utrgreiing og oppfølging av kulturrelaterte saker på politisk nivå
- Bidra til auka bruk av digitale løysingar og innovasjon innan kulturfeltet
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning frå universitet eller høgskule fortrinnsvis innan kulturfag, administrasjon eller leiing. Lang leiarerfaring med dokumenterte resultat kan kompensera for manglande formell utdanning.
- Erfaring med kulturforvaltning og tenestene i eininga
- Erfaring med økonomi-, resultat- og personalleiing, gjerne frå offentleg sektor kan vere ein fordel
- Erfaring med utvikling og drift av kultur-, idretts- og fritidstilbod samt samarbeid med dei frivillige
- Erfaring frå førebyggande arbeid med barn og unge kan vere ein fordel
- Kjennskap til offentleg forvaltning og politiske prosessar
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- Meistre godt norsk, og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne (nynorsk)
Personlege eigenskapar
- Har ei heilskapleg tilnærming til kulturfeltet og ser verdien av samspelet mellom offentleg sektor, dei frivillige og næringsliv
- Er ein relasjonsbyggjar med evne til å skape engasjement og entusiasme
- Er strategisk og har evne til å utvikla og gjennomføra planar med engasjement for nye utfordringar
- Har god økonomiforståing
- Kan legga til rette for gode samarbeidsarenaer for kultur-, idretts-, og friluftsaktørar i kommunen
Personleg eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted