Er du helsesjukepleiar og vil vera ein aktiv pådrivar i kommunen sitt arbeid med barn og unge?
Lærdal kommune Oppvekst og utdanning
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Er du helsesjukepleiar og vil vera ein aktiv pådrivar i kommunen sitt arbeid med barn og unge?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 15. mai
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.Har du lyst til å vera helsesjukepleiar i Lærdal kommune?
Me har ledig 100% fast stilling i helsestasjons- og skulehelsetenesta.
Me har stort fokus på tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid, og jobbar etter BTI modellen (Betre tverrfagleg innstats). Sjå meir om dette arbeidet på www.tettpålærdal.no. I stillinga får du høg grad av friheit til å organisere arbeidsdagen slik du vil, innanfor gitte rammer. Me har også fleksitidsløysing slik at ein kan tilpasse arbeidskvardagen. Det er moglegheit for heimekontor i dei periodane det passar drifta, med inntil ein dag i veka.
Eit viktig mål for oss er å vera ein tydeleg aktør inn i arbeidet med barn, unge og familiar både på individ- og systemnivå. Me har også som mål å etablera helsestasjon for ungdom.
Me er ei lita teneste, men likevel opptekne av å ha felles møtepunkt, fagleg støtte og utvikling i jobben.
Tenesta er organisert under sektor for oppvekst, og har felles kommunalsjef med mellom anna skulane og barnehagane i kommunen.
Leiande helsesjukepleier er leiar for tenesta, i tillegg til svangerskapsomsorga og psykisk helseteeneste for barn og unge.
Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar:- Vidareutdanning som helsesjukepleiar, med eller utan mastergrad
- Sjukepleiarar utan vidareutdanning kan søkje på stillinga. Sjukepleiar utan vidareutdanning vert tilsett i engasjement fram til vidareutdanning som helsejukepleiar er fullført.
Arbeidsoppgåver og arbeidstid:
- Arbeidsoppgåver i medhald til Nasjonalfaglege retningsliner for helsestasjons- og skulehelsetenesta
- Følgje opp barnevaksinasjonsprogrammet og vere med i sesongvaksinering av heile befolkninga
- Tverrfagleg samarbeid på system- og individnivå
- Rettleiing av foreldre/føresette
- Arbeid på system og gruppenivå som undervisning, vere med å etablere helsestasjon for ungdom osv.
Me tilbyr:
- Fleksitidsløysing med moglegheit for heimekontor med inntil ein dag i veka dersom det passar drifta
- Tilrettelegging for å ta vidareutdanning som helsesjukepleiar
- Arbeidskvardag med mykje variasjon
- Eit godt arbeidsmiljø der me legg til rette for personleg utvikling
- Moglegheit for kompetanseheving
- Offentleg tenestepensjonsordning
Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverket
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Silje Langehaug
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2922973
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3495229_248647_nn