Studiekonsulent IKOS
Universitetet i Oslo
Boks 1072 Blindern, 0316 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Studiekonsulent IKOS
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 11. august
Om stillingen
Institutt for kultur, religion, Asia- og Midtøstenstudier lyser ut ein fast stilling som seniorkonsulent (SKO 1363) innan studieadministrasjon. Den som vert tilsett vil mellom anna få ansvar for både studie- og eksamensarbeid innan dei ulike fagområda ved instituttet.
Stillingane inngår i ei gruppe på i alt 8 personar som arbeider med studieadministrasjon, inkludert studieleiar. I studieadministrasjonen arbeider vi både sjølvstendig og tett saman. Vi er eit godt koordinert team, stiller opp for kvarandre når det trengst og har eit godt arbeidsmiljø.
Vi er opptekne av å utvikle oss fagleg slik at vi held eit høgt nivå, utviser godt skjøn i saksbehandlinga og vert i stand til å løyse oppgåvene våre. Vi har erfarne medarbeidarar og gjev god opplæring til nytilsette.
Studieadministrasjon er eit felt i utvikling. Arbeidet som studiekonsulent er mangfaldig og krev engasjement for både fag, studium og studentar. Jobben føreset ei sjølvstendig haldning, digital kompetanse, gode kommunikasjonsevner og rolleforståing og interesse for instituttet si verksemd.
Om du er ein som trivst blant engasjerte kollegaer, likar utfordringar, trivst med høgt tempo og ynskjer å gjere ein god jobb, kan du vere rett person i teamet vårt. I ein travel kvardag og i møte med ei stor mengd studentar og vitskapeleg tilsette er du trygg på deg sjølv og prøver å finne dei beste løysingane.
Du vil jobbe med
- Planlegging og oppfølging av eksamen på emne
- Administrativ drift av emne og program
- Saksbehandling av studentsaker
- Kvalitetssikring og evaluering av studietilbod
- Utvikling av studietilbod
- Administrativ støtte til vitskapeleg tilsette og leiinga ved instituttet
Det kan og bli lagt andre administrative oppgåver til stillinga
Kvalifikasjoner
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskole, minimum tilsvarande bachelornivå. Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Gode IT-kunnskapar med evne til å raskt lære seg nye digitale verktøy
- Erfaring frå studieadministrasjon i universitets- og høgskulesektoren
Det er ein fordel med erfaring frå studieadministrasjon i Universitetet i Oslo spesielt. Vi legg stor vekt på motivasjon og at personen høver stillinga.
Vi ser etter en person som
- er sjølvstendig, tek initiativ og er løysingsorientert
- er systematisk, grundig og flink til å prioritere
- har gode samarbeidsevner og som vi bidra til eit godt arbeidsmiljø for studentar, vitskapeleg tilsette og for administrasjonen ved instituttet.
- har overblikk og forståing for stillinga sitt arbeidsfelt
- har erfaring med universitetets administrative IT-system og saksbehandlingsverktøy
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, som bidreg til kunnskapsutvikling, utdanning og opplysning som fremjar ei berekraftig, rettferdig og kunnskapsbasert samfunnsutvikling.
- Engasjerte kollegaer i eit stimulerande arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar (uio.no).
- Moglegheit for inntil 1,5 time i uka med trening i arbeidstida (uio.no).
- Ein arbeidsplass med gode utviklings- og karrieremoglegheiter.
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse (spk.no), , som er ei av Noregs beste pensjonsordningar med gunstige boliglån og gode forsikringsordningar.
- Løn i stilling som seniorkonsulent, stillingskode SKO 1363 i lønsspenn kr. 560 000 – 650 000, avhengig av kompetanse og erfaring.
Frå løna trekkes 2 prosent i lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.
Les meir om fordelane med å jobbe i staten i Arbeidsgjevarportalen (dfo.no).
Inkluderande arbeidsliv og mangfald ved UiO
Inkludering og mangfald er ei styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjerar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Vi håpar at du søkjer på stillinga hos oss.
Søknad
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev
- CV
- Vitnemål og eventuelle attestar
- Kontaktinformasjon til 2-3 referansar
Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt Jobbnorge, klikk “Søk stillinga”.
Når du søkjer på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskriftene dine. All dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.
Generell informasjon
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Søkjarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med. Offentleglova § 25 (lovdata.no) andre ledd. Når du søkjer jobb hos oss vil namnet ditt stå på den offentlege søkjarlista. Det er mogleg å be om unntak frå denne lista. Du må grunngi kvifor du ønskjer unntak frå offentleggjering og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det vil du høyre frå oss.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 26 500 studentar og 7 200 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for kultur, religion, Asia- og Midtaustenstudium (IKOS) er eitt av sju institutt ved Det humanistiske fakultetet.Instituttet har brei kompetanse innanfor studiet av religion og kultur og innanfor språkbaserte områdestudium med særleg vekt på Sør-Asia, Aust-Asia, Midtausten og Nord-Afrika. Instituttet har fleire studieprogram, både på bachelor- og masternivå. Av dei 110 tilsette på instituttet er 40 ph.d- og post.doc.stipendiatar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
eae1a3ae-b071-4c5b-b785-f2b818c7dc0d
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10256515