Fagarbeidar eller assistent ved Aurland barne- og ungdomsskule
Aurland Barne- Og Ungdomsskule
Vangen 1, 5745 Aurland, Aurland
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar eller assistent
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
både faste og mellombelse stillingar som fagarbeidar og assistent ved Aurland barne- og ungdomsskule. På grunn av fleire elevar med særskilde behov må stillingane setjast saman utifrå langsiktige og mellombelse vedtak. Nokre av stillingane vil fylje ordinært arbeidsår (100%), andre vil fylje skuleåret (med tilsvarande stillingsreduksjon på 11%).
Me søker medarbeidarar som er robuste, tydelege, har tolmod og er gode på relasjonsbygging. Me vil at du skal gjere ditt beste for å gje elevane ein meiningsfull og trygg skulekvardag. Gjennom engasjementet ditt vil elevane oppleve eit trygt og inkluderande skulemiljø. Me ynskjer deg som ser elevane som heile mennesket og som forstår at samhald, og det å få ei kjensle av å vere verdsett, er ein føresetnad for å lære.
Aurland barne- og ungdomsskule er "ein skule for alle med blikk for den enkelte"
Visjonen til skulen vert konkretisert gjennom desse fire tematikkane:
*Kunnskap og læring
*Respekt og toleranse
*Trivsel og tryggleik
*Samarbeid og engasjement
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene består av å gje elevar praktisk, fagleg og sosial oppfylgjing. Det vil seie at du er ein aktiv deltakar og medspelar i læringssituasjonane og andre frie aktivitetar til elevane.
Støtte og hjelpe born med ulike behov både sosialt og fagleg, for meistring i skulekvardagen.
Det er også viktig at du er med på å reflektere, og vurdere, rundt arbeidet knytt til enkeltelev, eller til gruppa, saman med øvrig personale ved skulen.
Stillingane inneber også arbeid i skulefritidsordning (SFO) der du vil delta i planlegging og gjennomføring av aktivitetar.
Me tilbyr-
bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
-
ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
-
gratis inngang til symjebasseng etter klokka 20.00, og til treningsrommet i
Aurlandshallen.
-
hjelp til å skaffe bustad
-
hjelp til å skaffe barnehageplass
-
hjelp til å skaffe arbeid til partner
Sjå gjerne også rekrutteringsfilmen og informasjonsbrosjyra til Aurland kommune ved å lime inn desse web-lenkene i
søkefeltet:
https://www.visbrosjyre.no/Aurland_kommune/WebView/
https://youtu.be/aFXLAnqaUbI
KvalifikasjonarFagbrev innan barne- og ungdomsarbeid eller anna relevant utdanning
Relevant erfaring med barn og ungdom kan erstatte utdanning
Gode norskkunnskapar, både munnlege og skriftleg
Personlege eigenskapar:
Du samarbeidar og kommuniserar godt
Du har eit inkluderande elevsyn
Du er strukturert, sjølvstendig og har god relasjonskompetanse
Du er fleksibel, løysingsorientert og er god på samarbeid
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2288796
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ead582a4-12c1-49b3-b7c1-c0d354f457df