Avdelingsleiar tilrettelagt avdeling
ODD - ODDA VGS, Vestland fylkeskommune
5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar tilrettelagt avdeling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 29. mai
Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 200 elevar og 50 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Skulen har ledig stilling som avdelingsleiar for tilrettelagt avdeling frå 1. august 2025. Stillinga inngår i skulen si leiargruppa.
Arbeidsoppgåver
Leiing av avdeling for tilrettelagt avdeling, samt ein del av leiargruppa for heile skulen
Personal- og budsjettansvar
Planleggings- og utviklingsarbeid for avdeling og skule
Koordinering av undervisning og timeplanar på avdelinga
Arbeide systematisk for at elevane skal lære og utvikla seg fagleg og sosialt
Bidra til eit utviklande profesjonsfagleg fellesskap
Samarbeid med PPT, føresette og eksterne instansar
Undervisning i deler av stillinga
Kvalifikasjonar
- Høgskule/universitet, Bachelorgrad
- Leiarkompetanse og/eller -erfaring frå skulesektoren
- Erfaring frå arbeid med elevar som treng særskilt tilrettelegging
- Pedagogisk erfaring og kjennskap til vidaregåande opplæring
- Undervisningskompetanse i minst eit fag som skulen tilbyr
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig og initiativtakar og er klar til å leie eigen avdeling
- Du skapar gode relasjonar til tilsette og elevar
- Du har eit positivt elevsyn og tru på den enkelte sine moglegheiter til å læra og utvikla seg
- Du er strukturert og kan jobbe under press
- Du har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Du har høg arbeidskapasitet og er oppteken av å være ein synlig og nærværande leiar
Vi tilbyr
- Ein moderne skule med eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling
Kontaktinformasjon
Geir Veland, rektor , 97143273Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4970065138
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Geir Veland
rektor
97143273
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2945685
- Hentet fra
talentech
- Referanse
23bb28760a764936bab025eeb1bfe309