Spesialsjukepleiar
Alderspsykiatri SNR (poliklinikk og døgn), Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Vi ønskjer ein medarbeidar som bidrar aktivt i eit utviklande og tverrfagleg miljø. Du må kjenne eigne styrkar og begrensingar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe dine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevjande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll.
Seksjonen vår er tverrfagleg samansett, og består av både ein sengepost og ein poliklinikk. Den ledige stillinga er todelt mellom sengespost og poliklinikk. I poliklinikken tar vi både imot pasientar til time ved sjukehuset, og vi har ambulante reisedagar til kommunane i Nordmøre og Romsdal.
Ved Alderspsykiatri SNR gir vi utgreiing- og behandlingstilbod innan målgruppene:
- Personar med alvorleg psykisk liding, som debuterer etter fylte 65 år (unntaksvis også yngre)
- Åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens (APSD)
- Utgreiing av kognitiv svikt
Vi arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle tenestene våre i tråd med pasientane sine behov. Jobben vil i tillegg til utgreiing og behandling også innebere miljøtiltak, oppfølging av pårørande og rettleiing til fastlegar og miljøpersonell i kommunane. Vi har eit godt etablert samarbeid med dei aktuelle kommunale tenestene.
Avdeling for sjukehuspsykiatri, inklusiv seksjon for Alderspsykiatri SNR, er no i ein omstillingsprosess der det i tillegg vil vere yngre og andre pasientgrupper i sengeposten, som til dømes alvorleg spiseforstyrring.
Arbeidsstad er det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset er plassert mellom Kristiansund og Molde. Her er ein omringa av mangfoldige moglegheiter til aktivitet og rekreasjon knytt til både naturopplevingar og byliv. Les meir om Molde og Romsdalen her. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i vår målgruppe
- Samhandling med pårørande og samarbeid med kommunale tenester
- Miljøtiltak – som til dømes sansestimulering, TID–modellen, tillitsskapande arbeid og funksjonsstøttande kommunikasjon
- Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak
- Dokumentasjon i tråd med gjeldande retningslinjer
- Bidra med ditt faglege perspektiv i tverrfaglege drøftingar
- Noko ambulant verksemd må påreknast – tenestebil vert stilt til disposisjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning innan geriatri, psykisk helse eller rus
- Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg
- Krav om god meistring av norsk skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og ein god relasjonsbyggjar
- Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
- Du må vere omstillingsdyktig, då det skjer endringar i organisasjonen vår
- Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er pasientorientert, fleksibel og løysingsfokusert
- Du trivast med kombinasjonen av å jobbe både sjølvstendig og i tverrfagleg team
- Du er oppteken av høg fagleg standard
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med tidvis høgt tempo
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Regionen vår!Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen herDen fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4996557827
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.10.2025
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 07.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ea46d00b-4380-453f-90ef-3822d8cfdd75
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3dc6253b646d4331b62801f8ef24137b