Nesbukti pleie og omsorgssenter
Nesbukti Pleie- Og Omsorgssenter sjukepleiar 100 % fast stilling på korttidsavdeling
Nesvegen 10, 3840 Seljord
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
100% fast stilling som sjukepleiar ved Nesbukti pleie -og omsorgssenter - korttidsavdeling
Interessant? Då håpar vi du les vidare!
Korleis er det på Nesbukti pleie og omsorgssenter?Nesbukti er ein trivelig sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 31 sjukeheimsplasser. Av desse er 8 plassar på skjerma avdeling for demente, 4 korttidsplassar blant anna bruka til rehabilitering/habilitering, 1 kommunal augeblikkeleg døgntilbodplass, resterande er langtidsplassar på somatisk.
Vi meiner at samhald, positivitet, samarbeid og engasjerte kollegaer er viktige verdiar, og vi tenkjer at dette gjer oss til ein god arbeidsplass.
Får vi deg med på laget?
Dette tilbyr vi degMe har ein spanande arbeidsplass, med ei aktiv korttidsavdeling med augeblikkeleg-hjelp plass, somatisk- og skjerma eining.
Arbeidsoppgåvene vil til dømes vere kliniske vurderingar, administrering av medikament, legevisitt og pleie- og omsorg til våre pasientar. Me møter framtidas helseutfordringar med korttidsplassar der me driv aktivt med rehabilitering. Me har tett tverrfaglig samarbeid med lege, fysioterapeut, heimesjukepleie og psykisk helse. Me har stort fokus på primærsjukepleie til våre pasientar, me er opptatt av kontinuitet, god samhandling med pårørande og kva som er viktig for pasienten.
Du vil få grundig opplæring saman med erfaren sjukepleiar, som også vil fungere som kontaktperson i etterkant av opplæringa.
Ynskjer du fagleg utvikling, og ta vidareutdanning? Me har gode avtaler som legg til rette for at tilsette får personleg vekst og moglegheit til kompetanseutvikling.
Me har som mål å vera ein stabil praksis kommune for studentar og har inngått eit samarbeid med USN om å vera ein praksiskommune. Me har også godt samarbeid med vidaregåande skular i Telemark og har ofte elevar i praksis.
Me er aktive i ulike prosjekt som <<Gode pasientforløp>> i samarbeid med KS, <<Akuttkjedeprosjektet i samarbeid med STHF og RASK/riktig antibiotikabruk i sjukeheim og kommunale helsetenestar. Seljord kommune er også vertskommune for etablering av interkommunalt simuleringssenter i Vest Telemark. Senteret skal ha lokalisasjonar i Seljord.
Vi tilbyr gode pensjonsordningar i KLP. Seljord kommune er ein IA -- bedrift
Kvalifikasjonar· Må beherske norsk munnleg og skriftleg
· Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til ei kvar tid brukast i Seljord kommune.
Eigenskapar· Erfaring frå liknande arbeid, men ikkje eit krav
· Gode samarbeidsevner og likar å jobbe med og for menneske
· Fleksibel og god arbeidskapasitet
· Positiv, løysingsorientert og engasjert
· Bidra til eit godt arbeidsmiljø, og trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø, i samspel med andre
· Sjølvstendig og ansvarsbevisst, men som og søkjer samarbeid for å nå best mogleg resultat
· Vi vektlegg personlege eigenskapar
Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?Nå manglar du berre å sende oss ein søknad vi elektronisk søknadsskjema.
Dersom interne omrokkeringer tilset vi også i desse.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Har du spørsmål? Ta kontakt med einingsleiar Kristin Aamot på tlf. 90618332
e-post: kristin.aamot@seljord.kommune.no
Søknadsfrist 29.09.23Om bedriften
Nesbukti er ein trivelig sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 31 sjukeheimsplasser. Av desse er 8 plassar på avdeling for demente, 4 korttidsplassar blant anna bruka til rehabilitering/habilitering, 1 kommunal augeblikkeleg døgntilbodplass, resterande er langtidsplassar på somatisk.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2430077
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ea401b25-6004-49f0-a9f2-6079821b68fa