Helsesekretær/sekretær
Psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 19. mai
Stillinga er plassert i Psykisk Helsevern for barn og unge, for tida med arbeidsplass lokasjon Førde BUP. Avdelingssjef Psykisk helsevern for born og unge er nærmaste leiar.
Seksjonen utfører arbeidsoppgåver for Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde.
Førde BUP er ein av fire seksjonar i PBU. Der tre er poliklinikkar og ein er sengepost for ungdom (UPH). Seksjonane har eit utbrett samarbeid på tvers. Dette gjeld også for merkantile tenester. Det er eit spennande fagfelt å vere ein del av. Her blir ein involvert og gitt ansvar for oppgåver. Ein får også delta på fagleg utvikling gjennom kurs og fagdagar innan sitt fagfelt.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjon
- Telefoni
- Pasientadministrativt arbeid
- Førefallande arbeid tilhøyrande seksjonen
- Mottak av besøkande
- Sakshandsaming
- Kvalitetsarbeid
Kvalifikasjonar
- Helsesekretærutdanning eller anna relevant 3-årig vidaregåande utdanning
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Fordel med kjennskap til DIPS
- Søkjarar med særleg realkompetanse vil kunne bli vurdert
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Gode samarbeidsevner
- Kunne jobbe både i team og sjølvstendig
- Må like eit hektisk arbeidsmiljø, med stadige endringar
- Vere med å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar blir vektlagde
Vi tilbyr
- Løn etter regulativ
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Frank Roger Kalstad, Avdelingssjef, (+47) 578 39 775Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4964243813
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Frank Roger Kalstad
Avdelingssjef
(+47) 578 39 775
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931392
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ddffb6db9c0c4baaafb5724d7c9b640e