Sjukepleiar
Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. desember
Ønskjer du å bu på ein spennande plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte?
Er du i tillegg sjukepleiar? Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har ledig stilling for sjukepleiarar:
Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot pasientar med behov for akutthjelp frå dette området.
Nordfjord sjukehus er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod og eit godt fritids- og kulturtilbod.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Administrativt- og tverrfagleg arbeid relatert til pasientoppfølginga
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Gruppeleiarfunksjon
- Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS og Meona
- 3 -delt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi tilbyr også langvakter om ynskjeleg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå sjukehus / medisinsk sengepost er ein fordel
- Erfaring med bruk av DIPS eller Meona er ein fordel
- Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Personlege eigenskapar
- Vere pasientorientert og ansvarsbevisst
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
- Vere fleksibel og engasjert
- Evne til systematisk arbeid
- Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande oppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, 932 90 198Maria Charlotta Berg Langvik, Einingsleiar, 416 48 264
Arbeidssted
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5036397332
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 22.04.2026
Søknadsfrist: 01.12.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Maria Charlotta Berg Langvik
Einingsleiar
416 48 264
Hilde Manseth Bjørhovde
Seksjonsleiar
932 90 198
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ea3ba29f-93ba-4527-9051-b5029fff150d
- Sist endret
17. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
57df2ad7639f441d81488d72d9ba9ece
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde
Sted
Nordfjordeid
Ferievikarar Medisinsk sengepost NSH
Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde
Sted
Nordfjordeid
Ledig stilling som sjukepleiar i Selje og på Stadlandet
Arbeidsgiver
Heimetenesta, Selje og Stadlandet
Sted
Nordfjordeid