Hopp til innhold

Sjukepleiar, 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A

Sted

Åsvegen 13, 6080 Gurskøy

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar, 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 13. mars

Er du klar for nye utfordringar og ein jobb som gir meining?
Vi søkjer ein sjukepleiar i 100 % fast stilling til Myrvåg omsorgssenter, seksjon A.
Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø og faglege utfordringar.

Stillinga er organisert i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Det kan forekome enkeltvakter på natt i ferie avvikling. 
Stillinga er ledig frå dags dato.

Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar:
seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald.


Arbeidsoppgåver

  • pleie- og omsorgsoppgåver for bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobilisering)
  • utarbeide og følge opp tiltaksplanar
  • fagleg hovedansvar for legemiddelhandtering
  • følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
  • samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gode datakunnskapar
  • erfaring med journalsystemet Gerica er ein god fordel.

Skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål).

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeidsevner 
  • strukturert, sjølvstendig og god til å prioritere arbeidsoppgåver
  • løysingsorientert og fleksibel
  • opptatt av heilskapeleg pasientforløp
  • like faglege utfordingar i eit godt arbeidsmiljø
  • positiv og engasjert i jobben, og er med på å skape trivsel på arbeidsplassen

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup
  • fagdag i turnus

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Anna-Emilie S.Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478

Arbeidsstad

Åsvegen 13
6080 Gurskøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5081799827
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Anna-Emilie S.Blomstervik

Seksjonsleiar

+47 98075478

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e9b39bee-ea61-4092-b450-05ebbb017cd2

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e0130fa9b92b4caa893ee084a72820c0

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon B

Sted

Gurskøy

Arbeidsgiver

Helseavdelinga, Sula kommune

Sted

Langevåg