Studiekonsulent (seniorkonsulent) - ved Fakultet for kunst, musikk og design
Universitetet i Bergen
Møllendalsveien 61, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Studiekonsulent (seniorkonsulent) - ved Fakultet for kunst, musikk og design
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 5. august
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorkonsulent
Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig fast stilling som studiekonsulent i 100%. Stillinga særleg knytt til studieprogrammet i musikkvitskap og praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design (PPU).
Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) har som hovudformål kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking, utdanning og formidling innan kunst, musikk og design. Gjennom dei ulike studieprogramma skal KMD utdanne skapande kunstnarar, designarar, musikarar, pedagogar, musikkvitarar og musikkterapeutar. Fakultetet har ambisjonar om å tilby eit godt læringsmiljø for studentane og arbeider målretta for å få til dette. For tida har fakultetet kring 700 studentar fordelte på bachelor- og masternivå. Meir informasjon finn du på vår nettside: http://www.uib.no/kmd
Som studiekonsulent inngår du i ein studieadministrativ gruppe på om lag 12 medarbeidarar.
Studiekonsulenten rapporterer til studiesjef ved fakultetet.
Arbeidsoppgåver:
Fakultetet søker ein erfaren medarbeidar som raskt kan sette seg inn i arbeidsprosessar, og bidra til ein god arbeidsflyt mellom fagmiljø og studieadministrasjon og studentane. Erfaring frå relevante fagområde kan vere ein føremon.
- Programadministrasjon og koordinering av Bachelorprogrammet i musikkvitskap og PPU i kunst, musikk og design (eks. fleire sekretærfunksjonar, med oppfølging og forvaltning)
- Praksiskoordinering for PPU, i samarbeid med fagleg koordinator
- Administrativt bindeledd mellom programnivået, og andre nivå ved fakultetet
- Sakshandsaming og vedlikehald av arkiv og studiedata (saksbehandlingssystem, FS, Mitt UiB, mm)
- Administrativt ansvar for arbeid med emne- og studieplanar (FS, EpN)
- Informasjonsarbeid i tilknyting til programma
- Utviklingsoppgåver, læringsmiljø
- Koordinere prosessar i tilknyting til kvalitetssystemet
- Rettleiingsoppgåver
- Deltaking i relevante nettverk og arbeidsgrupper
- Delta i tilhøyrande studieadministrative prosessar, til eksempel studentmobilitet/internasjonalisering, eksamensavvikling og korrektur av vitnemål
Den som vert tilsett må óg rekne med å gjere generelt saksbehandlingsarbeid innanfor studieadministrasjonen sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha høgare utdanning på bachelornivå eller tilsvarande utdanning, gjerne innafor relevant fagområde som stillinga er retta mot
- Uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
- God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet og erfaring frå universitets- og høgskolesystemet og/eller offentleg forvaltning.
- Det er naudsynt med god administrativ IT- kompetanse. Kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og elektroniske portalar er eit føremon.
- Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt, særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, initiativ, fleksibilitet og sjølvstende.
- God kjennskap til, eller erfaring frå musikkfeltet i universitets- og høgskulesystemet kan være eit føremon. Tilsvarande gjeld også for frå kulturfeltet og evt. skuleverket.
Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø, mellom utdanningsfeltet og det profesjonelle kunst- og kulturlivet.
- Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
- Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) vert løna med årsløn tilsvarande 586 100 - 630 000 kr i 100 % stilling. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga.
- CV.
- Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar.
- To referansar (namn og kontaktinformasjon).
Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Studiesjef Hilde Skare (hilde.skare@uib.no).
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e9a756fe-b232-47ab-a650-f296f8dbd3b9
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10257255