Undervisningsstilling innanfor Helse- og oppvekstfag
MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE, - Vestland fylkeskommune
6718 Deknepollen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling Vg2 Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. mai
Arbeidsoppgåver
Undervising og oppfølging av elevar.
- 100 % fast stilling med undervisning i programområde Helse- og oppvekstfag
- Stillinga vil i hovudsak innebere undervisning på Vg2 nivå i programområde Helsefagarbeidar
Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning. Noko av undervisninga kan bli knytta til tilrettelegging for einskildelevar.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og kommune om utplassering, og formidling av læreplass til elevane.
Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og kva som skjer innan fag- og yrkesopplæringa.
Kvalifikasjonar
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring og arbeidserfaring frå helsesektoren.
- Erfaring frå bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
- Du er inkluderande, oppteken av verdien av mangfald og av eleven si trivsel og meistring.
- Du har god pedagogisk forståing.
- Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
- Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
- Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Gode høve til eiga læring og utvikling.
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Stillinga har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla førsøkjarlista vert offentleggjort.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiatte
Kontaktinformasjon
Helen Hjertaas, avdelingsleiar, 41530832, helen.hjertaas@vlfk.noArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4964376046
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2933815
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9d5c3d7b6d334d7fb26ffc63575299fa