Driftsoperatør
Salar Bruk AS
5917 Rossland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Driftsoperatør
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 13. juni
Salar Bruk AS vart etablert i 1961 som Rylandsvåg Fiskeri. Alsaker Fjordbruk overtok anlegget i 2007. Bruket har gjennomgått ei omfattande modernisering, og framstår i dag som eit moderne settefiskanlegg, med ein kapasitet på 11,5 mill smolt. Anlegget er lokalisert på Rossland i Alver kommune, om lag 20 min frå Knarvik, og er 12 motiverte tilsette som no søkjer ny medarbeidar.
Me er på jakt etter deg som er like framoverlent som oss, og som ynskjer å bli med på laget i å produsere sunn og god mat til kundar over heile verda.
Di interesse for akvakultur gjer at du ynskjer deg jobb i havbruksnæringa. Du er ansvarsbevisst, engasjert og ein bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Røkting av yngel og smolt, vasking av kar, levering og mottak av fisk, varemottak, etc.
- Utføre dagleg journalføring, vannmålingar etc.
- Drift og vedlikehald av utstyr og anlegg
- Produksjons- og kvalitetsoppfylging
- Relevant utdanning og /eller erfaring innan akvakultur (men ikkje eit krav)
- Er sjølvstendig og fleksibel, med evne til å stå på når det trengs
- Har teknisk innsikt og evnar å setje seg inn i tekniske løysingar
På jobb på Salar Bruk AS vil du arbeida i eit av dei leiande norske oppdrettskonserna i Noreg, eit spanande miljø der fokus er å gjera det me er best på, nemleg produsera laks.
Våre dedikerte medarbeidarar spelar ei særs viktig rolle for å gje settefisken vår dei aller beste vekstvilkåra, og er alltid framoverlent for å yte maks for best mogleg produksjon.
Me kan tilby deg naudsynt opplæring, kjekke kollegaer, og varierte arbeidsdagar
Me oppmodar personar med lokal tilknyting om å søkja.
Driftsoperatør må pårekna å delta i alarm- og helgevaktordning på anlegget, med fleksibel avspaseringsordning.
Løn og tiltreding etter avtale.
Søk på stillingen via “søk på stilling” knappen på denne siden
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Salar Bruk AS ligg nordvest i Alver kommune, nede ved sjøen heilt aust i Rosslandspollen og i enden av Rylandsvassdraget.
Alver er nabokommune til Bergen, med reisetid frå Bergen sentrum til kommunesenteret Frekhaug på under ein halv time. Kommunen er landfast via Nordhordlandsbrua og er såleis det geografiske bindeleddet mellom Bergen og Nordhordland.
Rylandsvassdraget ligg sentralt i kommunen og har eit totalareal på 25,2 km2. Vassdraget er det største i kommunen og nedbørsfeltet dekkjer rundt rekna omlag 1/3 av kommunen sitt areal. Vassdraget har tre større innsjøar med Storavatnet på 2900 daa som det klart største, men og med Bjørndalsvatnet (175 daa) og Rylandsvatnet (600 daa) som viktige vassdragselement.
Salar Bruk har pt løyve til å produsera 11,5 millionar sjødyktig settefisk.
Sektor
Privat