Hopp til innhold

100% stilling for Vernepleiar eller sjukepleiar

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvassnesvegen 16, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar - 100% fast x2 - Avlastningstenester for born og unge
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest i morgen

Velkommen til Avlastningstenester for born og unge! 

I Avlastningtenester for born og unge har me no ledig to faste stillingar.

Me søkjer deg som ynskjer å arbeide med avlastning for born og unge med samansette behov innan habilitering. I ei slik rolle får du vere ein trygg og støttande vaksen, og bidra til stabilitet og gode opplevingar i kvardagen – både for borna og familiane deira!


Om stillingane

Stilllinga inneber todelt turnus med tidleg og seinvakter samt arbeid kvar 3. helg. Vi er også opne for innspel på arbeidstid og sjå på moglegheit for langvakter og/eller arbeid kvar 4.helg. 

I stillinga vil den viktigaste funksjonen væra direkte tjenesteyting og ivareta tjenestemottakar sine rettmessige behov. 

Ein stor del av arbeidet går ut på å fagleg utvikling ved å forbedre rutiner, utvikle prosessar og  gjennomføre dokumentasjonsarbeid.

Oppstart på stillingane er  etter avtale. 


Om oss

Alver kommune tilbyr avlastning for familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Barn og unge med psykiske eller fysiske funksjonsnedsetingar skal få eit trygt og tilrettelagt miljø med aktivitetar og omsorg. Avlastninga kan skje både i heim og på institusjon, og vert tilpasse individuelt etter behov og ønske frå familien.

Kvasten avlastningsbustad er ein del av kommunens habiliteringstilbod. Det består av tre avdelingar på ulik lokasjon, i tillegg til privat avlastning.

Vi har målsetting om å gje gode, forsvalige tenester gjennom fagleg dyktige medarbeidarar. Barna skal ha det så trygt som mulig slik at dei kan få gode opplevingar, oppleve meistring og læring. 

Tverrfaglig samarbeid er sentralt og vi er ei avdeling med engasjerte medarbeiderar med høg kompetanse  som tek vare på kvarandre. Vi er eit team med variert fagkompetanse: fagarbeidar, assistent, pedagog, barnevernpedagog, vernepleiar og sjukepleiar. 

Tenestene i stillingane krev stabile og trygge vaksne som kan møte borna med forståing og ro. Målet er å gje både born og familiar eit pusterom i kvardagen - og bidra til betre livskvalitet for alle involverte.


Arbeidsoppgåver

  • Å yte omsorg og støtte i daglege gjeremål og aktivitetar
  • Å utføre vedtak etter kapitel 9 i Helse- og omsorgstenestelova.
  • Å ha ansvar for legemiddelhandtering
  • Å bidra til tryggleik og stabilitet i relasjonar med borna
  • Å arbeide målretta med miljøterapeutiske tiltak 
  • Å dokumentere og evaluere tiltak i tråd med faglege og juridiske krav
  • Å samarbeide tett med føresette, kollegaer og andre fagpersonar
  • Å bidra til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet

Kompetanse

  • Offentleg godkjent utdanning som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Erfaring med arbeid innan habilitering eller tilsvarande fagfelt.
  • Førarkort i klasse B
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg
  • Trygg på bruk av digitale verktøy og dokumentasjonssystem

Vidare søkjer me deg som har:

  • Kjennskap til og gjerne kompetanse i å utforme og gjennomføre vedtak etter kapitel 9 jf. HOL
  • God forståing for tryggleik, struktur og omsorg i institusjonsbasert avlastning

Kven er du?

Du er ein fagleg trygg og engasjert vernepleiar eller sjukepleiar med gode evne til å møte born og unge med respekt, varme og struktur. Du har erfaring med å jobbe med menneske med funksjonsvariasjonar, tildels omfattande bistandsbehov og  åtferd som utfordrar.

Du trives i arbeid med barn og unge. Du må ha evne til å stå stødig i krevjande situasjonar og bidra til ro og tryggleik. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, fleksibel og som kan etablere gode relasjonar til tjenestemottakar, pårørande og kollegaer.

Du er ein tydelig og trygg vaksen som kan møte personar i sårbare situasjonar med tyggleik og respekt. 


Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange!
  • Mogeligheit for  å motta 50 000 i rekrutteringstilskot for eksterne søkjarar mot signering på bindingsavtale i to år
  • Oppfølging og rettleiing
  • Gratis parkering
  • Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
  • Vernepleiarar ligg 9000 over tariff og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff i Alver kommune
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk i kapittel 4
  • Personleg og fagleg utvikling

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


Om Habiliteringstenesta 

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, 

og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 


Kontaktperson for stillingen

Catherine Krossøy

Avdelingsleiar

+47 46288681

Om bedriften

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e94c8764-e505-4b69-a407-a3c1089c1034

Sist endret

17. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10291740

Lignende annonser

Laster lignende annonser