Lærarstilling ledig på Enge skule
Etne kommune Enge skule
Strondavegen 21, 5590 Etne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar, 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. september
Enge skule er ein 1 - 10 skule med 435 elevar og ansvar for all vaksenopplæringa i kommunen. Det er ein avdelingsleiar for kvart steg, i tillegg har skulen SFO leiar og leiar for vaksenopplæringa. Enge skule er ein flott skule både ut og inne. Skulen har store uteområde, og ungdomssteget sitt
uteområde, Skakkeringen, er heilt nytt.
Skulen har ledig 100% fast lærarstilling f.o.m. 06.10.2025.
Arbeidsoppgåver
Undervisningsoppgåver i 1-10 skulen og på vaksenopplæringa.
Lærar på ungdomssteget og undervisning i norsk og samfunnsfag for språklege minoritetar på vaksenopplæringa.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning der norsk er eitt av faga.
Ønskeleg med formell kompetanse i norsk som andrespråk.
Søkjaren må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar og beherske nynorsk som er opplæringsspråket i Etne kommune.
Gode digitale dugleikar.
Eigenskapar
Me ynskjer lærarar som er tydelege klasseleiarar, har eit positivt elevsyn og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, med vekt på dugleik.
Det blir forventa at tilsette er engasjerte i utviklingsarbeidet til skulen.
Me tilbyr
Eit triveleg arbeidsmiljø med god delingskultur. Me tek vare på kvarandre på Enge skule og trivst godt i lag.
Å få vere med å utvikle prosjektet grenser + forventningar = god oppvekst
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Annan informasjon
Den som blir tilsett må vise fram politiattest av nyare dato. Kopiar av attestar og vitnemål på norsk må leggast ved søknaden.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e942b045-2524-4e9e-a11c-f6af9f2520e0
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3536335_213801_nn