Helsesjukepleiar / sjukepleiar Stryn helsestasjon - vikariat
Stryn Kommune
Setrevegen 4, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesjukepleiar Stryn helsestasjon - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. juni
Stryn kommune har ledig 100% vikariat ved helsestasjons- og skulehelsetenesta som helsesjukepleiar/sjukepleiar frå 01.07.25 - 31.07.26
Stryn helsestasjon er lokalisert på Stryn helsesenter i sentrum. Stryn helsestasjons- og skulehelsetenesta er i dag bemanna med helsesjukepleiarar, jordmor, sjukepleiar, fysioterapeut og sekretær. I tillegg er lege knytt til tenesta. Helsestasjonen har eit tett samarbeid med skular og barnehagar. Kommunen har etablert strukturerte system for tverrfagleg samarbeid både internt i kommunen og med BUP.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere knytt til skulehelsetenesta. Arbeid på helsestasjon og helsestasjon for ungdom (HFU) ved behov. Helsesjukepleiar/sjukepleiar jobbar etter gjeldande lover, forskrifter, retningsliner og veileder knytt til helsefremmande og førebyggande arbeid retta mot barn og unge 0-20 år og deira familiar.
Døme på arbeidsoppgåver:
- kartlegging og oppfølging av barn og ungdom si helse, trivsel og utvikling
- helseopplysning gjennom undervisning i klassar og grupper
- rettleiing i seksuell helse og prevensjon
- foreldrerettleiing individuelt og i grupper
- tverrfagleg samarbeid både på system- og individnivå
- dokumentering av aktivitet i fagprogram
- vaksinering
- helseundersøking og oppfølging av flyktningar
- smittevernarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med godkjent videreutdanning som helsesjukepleiar, sjukepleiar under helsesjukepleiarutdanning eller sjukepleiar. Søkarar vil bli prioriterte i denne rekkefølgja.
- Sertifisering innen PMTO, ICDP- og COS eller andre foreldreveiledningsmetoder er en fordel
- Erfaring og kompetanse innen psykisk helse for barn og unge er ein fordel
- God datakompetanse er nødvendig
- Førarkort og disponere bil
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein positiv person som har gode kommunikasjonsevner, er strukturert og løysingsorientert. Du må være sjølvstendig, fleksibel, fagleg engasjert og ha gode samarbeidsevner. Det blir lagt vekt på personlig eignaheit for stillinga.Vi tilbyr
- Spennande og krevande arbeidsoppgåver
- Kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø
- Eit levande fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Eit hyggeleg og trygt arbeidsmiljø både fagleg og sosialt
- Eit godt utvikla tverrfaglig samarbeid
Kontaktinformasjon
Hilde Nordli Løvik, Leiande helsesjukepleiar, 94170726Mona Helen Kile, Einingsleiar helsetenester, 95733547
Arbeidsstad
Setrevegen 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4970774975
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 03.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Mona Helen Kile
Einingsleiar helsetenester
95733547
Hilde Nordli Løvik
Leiande helsesjukepleiar
94170726
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2945834
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5bbb49c540ef437490efbd8d939c8db0