Lærar
Brattvåg barneskule, Haram kommune
Skulesvingen 4, 6270 Brattvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Vi søker ein motivert og engasjert lærar som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre og vere ein del av våre flotte tilsette, og som kan vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø for alle elevane. Stillinga har oppstart den 01.08.2025, men er ledig før den tid om det kan vere aktuelt.
Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har 200 elevar frå mange ulike nasjonalitetar.
Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna. Og vi er med på satsinga BRY DEG i lag med Læringsmiljøsenteret i Stavanger.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.
I Haram kommune er gode, og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag.
- Gi rettleiing til fagpersonell.
- Den som søker må rekne med å ta på seg kontaktlæraransvar.
- Delta og forplikte seg i pedagogisk utviklingssamarbeid både på trinn og i kollegiet generelt.
- Planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeid for sine grupper og elevar saman med kollegaer.
- Klasseleiing, heim-skule-samarbeid og eksternt samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning 1. -7. trinn, evt. anna godkjent lærarutdanning.
- Fagkompetanse i td. matematikk, engelsk, norsk, kunst og handverk og kroppsøving.
- Generell IKT-kompetanse.
- Bør ha gode norskferdigheiter.
- Du må ha tilfredstillande politi - og tuberkelinattest.
Personlege eigenskapar
- Du er ein engasjert og bidragsytande lærar som likar å jobbe i team, som er strukturert, pliktoppfyllande og fagleg kompetent.
- Du er initiativrik, strukturert og sjølvstendig i arbeidet ditt.
- Du må vere løysingsorientert og fleksibel.
- Du må vere god på relasjonsbygging.
- Du er ein tydeleg klasseleiar.
- Du må like å bruke naturen som alternativ læringsarena.
- Søkarar som er personleg eigna blir vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
- Systematisk kollektivt utviklingsarbeid.
- Ein skule som kan nytte fjord og fjell i nærområdet som alternative læringsarenaer.
- Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhald og engasjement.
- Tariffløn og pensjonsordning gjennom SPK.
Kontaktinformasjon
Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Skulesvingen 4
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4958622515
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 18.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2924780
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3787eff73b0a4a05ab1c279e862dba62