Stillingar lokal sikkerhetspost Valen
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus, Helse Fonna HF
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Om jobben
Stillingstittel
Stillingar lokal sikkerhetspost Valen
Oppstart
19. juni 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
7
Sikkerhetsposten på Valen sjukehus har ansvar for å behandle pasientar frå Helse Fonna HF sitt opptaksområde. Pasientar som vert innlagt er underlagt tvungen psykisk helsevern etter §3.3/ §3.2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5 i lov om psykisk helsevern.
Vårt samfunnsoppdrag er å gje behandling til alvorleg psykisk sjuke pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personale og samfunnet for øvrig, er ei av dei viktigaste oppgåvene våre. Målsetjinga vår er å gje alle våre pasientar moglegheit til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tek omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Kvar pasient har eit tverrfagleg team, kor miljøpersonal, psykiater/psykolog, aktivitør og sosionom samarbeider om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle.
Pasientane våre kan vere innlagt over lang tid, medan andre har kortare opphald. Pasientane sine ressursar og sårbare sider er det uansett god tid til å bli kjend med.
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Sikkerhetsposten på Valen sjukehus har no ledige stillingar. For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søke.
Sjukepleiar 100% stilling natt
Sjukepleiar 95 % stilling natt
3 stk sjukepleiar/miljøterapeut 100% stilling dag kveld
Sjukepleiar/miljøterapeut 70% stilling dag/kveld
Eininga har også 4 ledige helgestillingar (ca 15% stilling) for helsefagarbeidarar/studentar med helsefag.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie/miljøterapi til pasientar som treng behandling i sikkerhetspsykiatrisk døgnpost
- Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, Psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
- Vere med å vurdere og lage handteringsplanar ift valdsrisiko
- Utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
- Miljøterapeut
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus er ønskeleg.
- Beherske norsk skriftleg og munnleg.
Utdanningsretning
- Sjukepleie
- Sjukepleie videreutdanning
Utdanningsnivå
Personlege eigenskapar
- Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- Du er tilpasningsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning
- Du trivest i eit aktivt og travelt miljø
- Du er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- Du vil få ei grundig opplæring
- Du får kurs i MAP - møte med aggresjonsproblematikk
- Opplæring i voldsrisikovurdering
- Studieveke 35,5 timer årleg i 100% stilling når du har jobba eit år på posten
- Dette er stillingar som gjer både fagleg og personleg utvikling
- Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
- Medlemskap i pensjonsordning , 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt
eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for
inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Monica Lindseth, Funksjonsleiar, (+47) 53466483Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4638689151
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 19.06.2023
Søknadsfrist: 16.04.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2288139
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c95168f72e484af3ac08bc208609c150