Spesialpedagog - vikariat i spesialpedagogisk team
Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialpedagog i spesialpedagogisk team - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. juli
Giske kommune har ledig eit vikariat i 100 % stilling som spesialpedagog frå 04.08.2025. Vikariatet gjeld t.o.m. 31.12.2025, men kan bli forlengt.
Stillingane inneber arbeidet som spesialpedagog for barn med og utan vedtak i barnehagar, og vi ser etter deg som brenn for å skape eit inkluderande barnehagetilbod for alle barn og som ser samanhengen mellom allmennpedagogikk og spesialpedagogikk.
I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest.
Den som blir tilsett må kunne disponere eigen bil.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Gi spesialpedagogisk hjelp til barn med særskilde behov og til barn som treng intensive tiltak utan vedtak, samt å støtte barnehagane i systemarbeid.
- Vere medspelar i utarbeiding, gjennomføring og evaluering av individuelle opplæringsplanar.
- Bidra til utvikling av gode samspelsprosessar og gode læringsmiljø i barnehagane og i spes.ped.teamet.
- Samarbeide i laget rundt barnet for å sikre heilskapleg oppfølging.
- Gi råd og rettleiing til føresette og tilsette i barnehagen.
- Birdra i organisasjonsutvikling i inkluderande praksis, førebygging og tidleg tiltak.
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar med spesialpedagogisk kompetanse. Anna relevant utdanning / kompetanse knytta til å arbeide med barn med ulike lærings- og utviklingsbehov i barnehagen kan bli vurdert. Eksempelvis logoped, psykolog, sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar.
- Erfaring frå arbeid i barnehage
- Erfaring med rettleiing
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
- Sertifikat for bil
- I tillegg er det ønskjeleg med:
-Erfaring i arbeid med barn innan autismespekteret
-Erfaring med observasjon og kartlegging, og gjerne kompetanse i bruk av ulike former for ask.
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og trygg i rolla som fagperson
- God til å bygge trygge relasjonar og skape tillit hos barn og vaksne
- Samarbeider og jobbar godt i team
- Er sjølvstendig og strukturert
- Likar utfordringar og taklar endringar
- Taklar hektiske kvardagar og mange samtidige oppgåver
Vi tilbyr
- Eit positivt og utviklande fagmiljø
- Erfarne og engasjerte kollegaer
- Tett samarbeid med ppt, barnehagar og tidvis 1. klasse i skule
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Marie Isaksen, avdelingsleiar PPT, +47 92803764Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4978382078
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 07.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Marie Isaksen
avdelingsleiar PPT
+47 92803764
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e9221ac8-863e-4f22-bcfd-032682d3009d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ceca5aa2ab5c43399091fc4afd38888a