Undervisningsstilling realfag 130% vikariat
OLS - OLSVIKÅSEN VGS, Vestland fylkeskommune
Olsvikåsen 152, 5183 Olsvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling realfag 130% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100% og deltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.
På Olsvikåsen vgs er nærleik er eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.
Du kan lese meir om oss her.
Arbeidsoppgåver
Olsvikåsen har ledig om lag 130 % vikariat i realfag frå 1.3.25 og ut skuleåret 24/25.
Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i naturfag, geofag, geografi og matematikk.
Kvalifikasjonar
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, minimum 60 studiepoeng.
- Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i fleire av skulen sine fag
- Undervisningserfaring frå vidaregåande skule er ei føremon
Personlege eigenskapar
- er målretta, systematisk og løysingsorientert
- er positiv, initiativrik, engasjert og har gode kommunikasjonsevner
- set eleven si læring og utvikling fremst, og som vil skape gode relasjonar og læringsmiljø saman med andre
Vi tilbyr
- eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
- løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysninger
- vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste
- søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
- administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
- den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest av nyare dato
Kontaktinformasjon
Siv Elin Korten, avdelingsleiar, 55511417, siv.elin.korten@vlfk.noArbeidsstad
Olsvikåsen 1525183 Olsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4902741032
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 26.01.2025
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2828088
- Hentet fra
talentech
- Referanse
359c78d009ae4bf1a2b2765d7aca3dd4