Universitetslektor (2 x 20 % ekstraerverv "bistilling")
Universitetet i Bergen
Årstadveien 17, 5018 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Universitetslektor (2 x 20 % ekstraerverv "bistilling")
Type ansettelse
Åremål, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. juni
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wUniversitetslektor - ekstraerverv
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Global helse og samfunnsmedisin, er det ledig to (2) åremålsstillingar som universitetslektor (20 % ekstraerverv «bistilling») i manuell terapi (fagområde for Helsevitenskap) for ein periode på tre (3) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til relevant klinisk hovudstilling (min. 50 %). Arbeidsstad er ved fagområde for Helsevitenskap, IGS, Årstadveien 17 (Alrek Helseklynge).
Vi søkjer medarbeidarar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå undervisning.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneheld oppgåver innan
- undervisning, rettleiing og tilrettelegging, først og fremst knytt til undervisning innan manuell terapi.
- Praktisk og teoretisk klinisk ferdigheitsundervisning (under dette manipulasjon) om manuell terapi og tema knytte til primærkontaktrollen.
- Deltaking i emneansvar (utarbeiding av emneplan og læringsutbytte, sette opp timeplan, revidere pensum og ha ansvar for eksamen) på emne knytte til manuell terapi og primærkontaktrolla.
- Sensur på eksamen på emne knytte til manuell terapi og primærkontaktrolla.
- Bidra til å samordne undervisning på de ulike emna på studiet, for heilskapleg undervisning.
- generell undervisning og undervisning i høve til dei andre studieprogramma ved fakultetet/instituttet kan verte pålagt
- administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer
Den som vert tilsett, vert del av undervisningsgruppa for Manuellterapi og Helsevitenskap, og vil få delansvar for utforming av undervisning i praktisk og teoretisk klinisk ferdigheitsundervisning om manuell terapi og tema knytt til primærkontaktrolla ved Universitetet i Bergen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må vere utdanna fysioterapeut og ha Master i manuell terapi med norsk godkjenning.
- Søkjar må ha relevant klinisk hovudstilling og minst to års erfaring frå klinisk arbeid som manuellterapeut og primærkontakt.
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
- Det er eit ynskje at søkjar har to års erfaring frå klinisk arbeid som manuellterapeut og primærkontakt.
- Det er eit ynskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling.
- Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid i team.
Personlege eigenskapar blir vektlagde ved vurderinga.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Løn er for tida kr 615 000 – 680 000 (kode 1009) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
- CV
- Karakterutskrifter/vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
- Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
- Fullstendig publikasjonsliste
- Vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor og fagområdeleiar Silje Mæland, epost silje.maeland@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig