Rekneskapsrådgjevar – Økonomitenesta i Ottadalen
Vågå Kommune Økonomitenesta I Ottadalen
Lom, Skjåk, Vågå
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Regnskapsrådgiver
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. oktober
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å vere med og forme framtidas økonomiteneste i Ottadalen.
Arbeidsstaden kan vere Vågå, Lom eller Skjåk, og det vil vere mogleg å ha arbeidsstad ved fleire av kontora etter avtale. Stillinga er tilsett i Vågå kommune, som er vertskommune for den interkommunale Økonomitenesta i Ottadalen.
Stillinga er organisert under tenesteleiar som har eit overordna ansvar for tenesta.
Om Økonomitenesta i Ottadalen
Økonomitenesta i Ottadalen er eit nyoppretta interkommunalt samarbeid mellom Vågå, Lom og Skjåk kommunar, med Vågå kommune som vertskommune. Vi er i gang med å byggje opp ei felles økonomiteneste som skal levere gode og effektive økonomitenester til alle dei tre kommunane.
Tenesta består av 11,5 årsverk og har eit breitt fagområde. Vi arbeider mellom anna med rekneskap, økonomioppfølging og controlleroppgåver, lønn, fakturering, fakturamottak, innfordring, rapportering og internkontroll.
Vi er opptekne av å skape ei moderne og robust økonomiteneste med høg kvalitet, gode fagmiljø og effektive arbeidsprosessar.
Arbeidsoppgåver
Som rekneskapsrådgjevar i Økonomitenesta vil du få ein variert arbeidskvardag med oppgåver innan rekneskap og økonomi. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
-
løpande rekneskapsføring
-
avstemming av rekneskap og balansekontoar
-
oppfølging og kvalitetssikring av rekneskapsdata
-
arbeid med periode- og årsavslutning
-
samarbeid med lønnsfunksjonen og oppgåver knytt til lønnsområdet ved behov
-
samarbeid med dei andre fagområda i Økonomitenesta
-
rettleiing og oppfølging av leiarar og andre tilsette i kommunane
-
bidra til gode rutinar, internkontroll og effektiv arbeidsflyt
-
digitalisering av arbeidsprosessar
Lista er ikkje uttømmande, og arbeidsoppgåvene kan bli endra og tilpassa etter behov.
Oppgåvene vil kunne bli tilpassa kompetansen og erfaringa di. Som del av ei nyetablert teneste vil du også få høve til å påverke korleis vi organiserer og utviklar arbeidsprosessane våre.
Vi ser etter deg som
-
har relevant høgare utdanning innan rekneskap eller økonomi. Særleg relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
-
har god forståing for rekneskapsfaget
-
tek ansvar for eigne oppgåver og leveransar
-
trivst med samarbeid og deling av kompetanse
-
har gode digitale ferdigheiter
· har god formidlingsevne, du kommuniserer klart og forståeleg på norsk, både skriftleg og munnleg.
Det er ein fordel om du har erfaring frå kommunal sektor, men dette er ikkje eit krav.
Som person er du
-
engasjert og initiativrik
-
strukturert og nøyaktig
-
løysingsorientert og serviceinnstilt
-
interessert i å bidra til utvikling og digitalisering av nye arbeidsprosessar og rutinar
-
sjølvstendig og handterar periodar med høgt arbeidspress
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, fagleg engasjement og vilje til å bidra i eit nytt og utviklingsorientert fagmiljø.
Bli med og byggje Økonomitenesta i Ottadalen
**Arbeidsstad:**Vågå, Lom eller Skjåk
Arbeidsgjevar: Vågå kommune**Stillingsstorleik:**100 %
Tilsetjing: Fast
Økonomitenesta i Ottadalen er ei nyetablert teneste, og vi har eit spennande arbeid framfor oss med å utvikle ein felles organisasjon og gode tenester for tre kommunar, tre kyrkjelege råd og to frivilligsentralar.
Hos oss får du høve til å vere med frå starten og påverke utviklinga av ei ny interkommunal økonomiteneste på tvers av kommunegrensene.
Vi ønskjer å byggje eit fagmiljø der vi deler kompetanse, hjelper kvarandre og har fokus på kvalitet og gode løysingar.
Vi har medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring, og ønskjer å utvikle eit miljø med høg fagleg kompetanse, godt samarbeid og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
-
ein spennande jobb i ei nyetablert interkommunal økonomiteneste
-
eit breitt og variert arbeidsfelt
-
eit godt fagmiljø med kompetente og engasjerte medarbeidarar
-
høve til å påverke og utvikle arbeidsprosessar og rutinar
-
moglegheit for arbeidsstad i Vågå, Lom eller Skjåk
-
lønn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsvilkår gjennom KLP
-
arbeid på dagtid og fleksitid
-
høve til fagleg utvikling og kompetanseheving
Referansar vil bli innhenta, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.
Vågå kommune er ein arbeidsgivar som verdset mangfaldVågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vil du vere med og forme framtidas økonomiteneste i Ottadalen? Då håpar vi å høyre frå deg.Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ottadalen er ein attraktiv region midt i hjartet av Innlandet, med kommunane Vågå, Lom og Skjåk. Regionen byr på sterke fagmiljø, levande lokalsamfunn og unike moglegheiter for friluftsliv året rundt. Her finn du fantastiske naturopplevingar med nærleik til både nasjonalparkar, fjellområde og kulturhistoriske perler.
Den interkommunale rekneskapstenesta er eit samarbeid mellom Vågå, Lom og Skjåk kommunar. Gjennom samarbeidet byggjer vi eit sterkt og framtidsretta fagmiljø som skal levere gode tenester til kommunane og innbyggjarane våre. Som tilsett hos oss får du høve til å påverke utviklinga av tenesta og vere med på å forme framtidas økonomiforvaltning i Ottadalen.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e8f174bd-afcf-4a88-b670-91bbaded6e0f
- Sist endret
12. oktober 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e8f174bd-afcf-4a88-b670-91bbaded6e0f