Hopp til innhold

Vi søkjer erfaren rekneskapsførar

Arbeidsgiver

Jotunheimen Regnskap AS

Sted

Sognefjellsvegen 17, 2686 Lom

Om jobben

Vi søkjer erfaren rekneskapsførar 50–100 % stilling | Lom og/eller Vågå

Jotunheimen Regnskap er i utvikling, og vi ønskjer å styrkje laget med ein erfaren rekneskapsførar som likar å ta ansvar, jobbe sjølvstendig og skape gode relasjonar til kundane sine.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Regnskapsfører
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid 50% - 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest torsdag 15. oktober

Send søknad til

Hva vi ser etter

Kven ser vi etter?

Vi trur du vil trivast hjå oss dersom du:

  • har solid erfaring med rekneskap, gjerne frå rekneskapsbyrå

  • kan handtere eigne kundar og oppgåver sjølvstendig

  • jobbar strukturert og nøyaktig og har god kontroll på fristar

  • er trygg i kundedialogen

  • trivst med digitale arbeidsverktøy og er nysgjerrig på korleis teknologi kan gjere arbeidskvardagen betre

  • likar å samarbeide og bidra til at laget rundt deg lykkast

Erfaring med landbruksrekneskap er ein fordel, men ikkje eit krav.

Arbeidsoppgaver

Kva skal du jobbe med?

Du får ansvar for di eiga kundeportefølje og følgjer kundane gjennom året. Avhengig av erfaring og kompetanse kan rolla også innebere oppdragsansvar.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere løpande rekneskap, avstemming, rapportering, lønn, mva, årsoppgjer og skattemeldingar -- i tillegg til kundekontakt og rådgjeving.

Vi ønskjer oss ein kollega som ikkje berre fører rekneskap, men som ser kunden, forstår verksemda og bidreg til gode løysingar.

Vi ser fyrst og fremst etter deg som har solid erfaring frå rekneskapsarbeid og er trygg i faget . Statsautorisasjon er ein fordel, men ikkje eit krav. Har du lang og relevant erfaring utan autorisasjon, er du absolutt aktuell for oss.

Kvifor Jotunheimen Regnskap?

Vi er eit lokalt rekneskapsmiljø i utvikling. Ambisjonen vår er å byggje eit moderne og framtidsretta rekneskapsbyrå med sterke fagfolk, gode arbeidsdagar og nærleik til kundane.

Hjå oss skal det vere rom for både ansvar og fleksibilitet. Vi trur på tydelege roller, samarbeid og på å bruke teknologi til å gjere meir av det som faktisk skaper verdi -- både for kundane og for oss som jobbar her.

Du blir ein del av eit lag der du får vere med og påverke korleis vi skal jobbe og utvikle oss vidare.

Arbeidsstad: Lom og/eller Vågå. Arbeidsstaden kan vere fast ved eitt av kontora eller fordelast mellom begge. Det er også moglegheit for noko heimekontor.

Stillingsprosent: 50--100 %

Oppstart: Etter avtale

Søknadsfrist: 15. oktober

Vi tilbyr

Vi tilbyr:

  • Ein fleksibel arbeidskvardag med arbeidsstad i Lom, Vågå eller ein kombinasjon av begge. Det er òg mogleg med noko heimekontor.

  • Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver, med eiga kundeportefølje og moglegheit for oppdragsansvar.

  • Eit godt fagmiljø med dyktige kollegaer å sparre med.

  • Moglegheit til å påverke eiga rolle og vere med på å utvikle både arbeidsmåtar og selskapet vidare.

  • Fagleg utvikling, anten du allereie er statsautorisert eller ønskjer å byggje vidare på solid erfaring.

  • Moderne system og fokus på smartare arbeidsprosessar, slik at vi kan bruke meir tid på det som skaper verdi for kundane.

  • Konkurransedyktige vilkår, med stor grad av tillit og fleksibilitet.

Vi er i ei spennande utviklingsfase og opnar no også kontor i Vågå. Hos oss får du høve til å vere med og forme vegen vidare -- samtidig som du blir ein del av eit selskap med sterke lokale røter.

Kontaktperson for stillingen

Mari Sveen Steinehaugen

Daglig leder

97634739

mari.steinehaugen@jotunheimenregnskap.no

Om bedriften

Jotunheimen Regnskap AS er eit regnskaps- og økonomirådgjevningskontor lokalisert midt i Jotunheimen, rett ved foten av Lomseggen, på Murgarden i Lom sentrum, og no også lokalisert i Vågå på Vågå Næringspark.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2fa14cb4-ed84-4045-9634-8ab55c2ed2bc

Sist endret

28. september 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

2fa14cb4-ed84-4045-9634-8ab55c2ed2bc

Lignende annonser

Laster lignende annonser