Lærar i ukrainsk
Tveit skule og Nissedal ungdomsskule, Nissedal kommune
Solås 2, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar i ukrainsk
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 30%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10.trinn) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7.trinn) i Kyrkjebygda. Skulane er organisert med kvar sin rektor. Skulane i Nissedal er oppteke av å gje elevane trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og allsidig kunnskap. Skulane jobbar målretta for å førebygge mobbing, og førebu elevane til vidare studie og arbeid, og er difor oppteke av eit tett samarbeid med føresette og andre instansar både offentlege og private. Elevmedverknad og demokrati står sentral i all undervisning. Som arbeidsplass kjenneteiknast skulane med høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær, med høve til fagleg utvikling i form av tillitsbasert arbeid og oppgåver og oppmoding til vidareutdanning.
Ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule er det ledige lærarstilling i ukrainsk (svangerskapsvikariat) for skuleåret 2025-2026.
Stillinga kan kombinerast med stilling som fagarbeidar/assistent (opp til 70%).
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene handlar om å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i faget, samt å vurdere elevane sine faglege kompetanse i tråd med lovverk og læreplanar.
Som lærar må ein i stor grad samarbeide tett med elevane og andre tilsette, og å ha god dialog og samarbeid med føresette gjennom heile skuleåret.
Jobben inneber om å samarbeide tett med lag-leiar og leiinga for skulen, og eksterne samarbeidspartnarar til det beste for eleven.
Kvalifikasjonar
Krav til den tilsette:
- Det er krav om lærarutdanning, med kompetanse innan ukrainsk.
- Fagutdanning i tillegg til praktisk pedagogisk utdanning (PPU) er og mogleg.
Det er ønskeleg med erfaring. - Den tilsette må meistre ukrainsk språk, båe munnelg og skriftleg, samt å meistre norsk språk.
Personlege eigenskapar
Vi vil vektlegge:
Relasjonskompetanse, god klasseleiing og om søkjar er personleg skikka for stillinga.
Skulane arbeidar aktivt med IKT, der elevar og tilsette har kvart sitt læringsbrett. Interesse og kunnskap om IKT og digital utvikling er difor viktig.
Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar. Dette vil bli vektlagt i ein tilsettingsprosess.
Vi tilbyr
Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar.Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.
Kontaktinformasjon
Marius Vøllestad, Rektor, +47 35048482, marius.vollestad@nissedal.kommune.noArbeidsstad
Solås 23855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4994613264
Stillingsprosent: 30%
Vikar
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e8d683f2-8feb-4584-ae49-f26093d14b8b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4f63a1fa5d424a429f596a19a4be011a