Er du sjukepleiar eller vernepleiar med ønske om langvakter?
Post 1 Nord
Leirdalen 25, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Oppstart
25. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ein av våre sjukepleiarar skal i permisjon og me har derfor ledig eit vikariat i 80% stilling som sjukepleiar / vernepleiar i eit år ved Bømlo Bu og Helsesenter Post1.
Post 1 har 34 pasientrom fordelt over 3 etasjar, der kvar etg. fungerar som ei gruppa.
Vårt mål er å skapa tryggleik og trivnad i eit positiv miljø for både bebuarar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
Me søkjer ein sjukepleiar/vernepleiar som er fagleg engasjert og som ynskjer å bidra til god sjukepleie og behandling av våre pasientar/bebuarar.
Stillinga inneber langvaktsturnus med arbeid kvar 4 helg, dvs. ein jobbar inntil 3 langvakter på rad for så å ha langfri.
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapleg pleie, omsorg og medisinsk lindrande behandling.
- Sjukepleieprosedyrar.
- Gå i sjukepleiervakter.
- Primærkontakt - ansvar for enkelte av pasientane.
- Dokumentasjon i elektronisk system.
- Samarbeid med tilsynslege, ergo/fysio, sjukehus, pårørande med fleire.
- Oppfylging av pasientar og pårørande.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
- Meistrar norsk godt både munnleg og skriftleg.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Jobbar sjølvstendig og samarbeidar godt med andre.
- Er god til å vurdere, prioritere og iverksette.
- Har gode kommunikasjonsevner og er løysingsorientert i di tilnærming.
- Er lojal og fleksibel.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Ein spanande arbeidsplass med varierte oppgåver og faglege utfordringar i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Leif Christian Andersen
Kontaktinformasjon
Leif Christian Andersen, Avdelingsleiar, 908 93 242, Leif.Christian.Andersen@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4986786415
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 25.08.2025
Sluttdato: 30.08.2026
Søknadsfrist: 09.07.2025
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e8a6f0cc-c0e5-402a-ba5b-5e3b4e1b5a03
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a10fa76a3ecb4fd5b519442565cc7a09