Hopp til innhold

ID 2421 Helsefagarbeidar i medlevarturnus - Eining for habilitering

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

Stord

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, natt, kveld og dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. februar

Eining for habilitering har årsturnus i alle avdelingar. I denne turnusen er det arbeid tre døger kvar fjerde helg, og elles er det to eller tre døger i vekedagane. Det er gode friperiodar mellom kvar arbeidsperiode.

Eining for habilitering har frå 01.04.26 ledig fast 100% stilling for helsefagarbeidar i døgnturnus.

Stillinga er i eit team som arbeider rundt ein tenestemottakar.

Me søkjer etter ein trygg medarbeidar som har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vere kreativ og løysningsorientert. Du har godt humør og gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Arbeids -- og ansvarsområde er mellom anna:
  • Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet for brukar

  • Legga til rette for aktivitet, trivsel og meistring

  • Yta tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk

  • Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard

  • Kjenna til og bruka eininga og avdelinga sine prosedyrar og rutinar

  • Halda deg fagleg oppdatert

  • Halda deg oppdatert på gjeldande lovverk og avtalar

  • Sørga for presis og utfyllande dokumentasjon

Kvalifikasjonskrav:
  • Autorisert helsefagarbeidar eller anna relevant fagarbeidarutdanning. Andre med relevant erfaring kan bli vurdert.

  • Erfaring frå å jobba med tenestemottakarar innan autismespekterert

  • Erfaring frå å jobba med åtferd som utfordrar er ein fordel

  • Det er ønskjeleg med erfaring i å jobba med vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kap.9

  • Førarkort klasse B

  • God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, er eit krav

  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato

Me kan tilby:
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.

  • Offentleg tenestepensjon.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Avdelingsleiar Elin Maria Aasheim, tlf 990 47 658 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097

Kontaktperson for stillingen

Esther Aasen Bjelland

Einingsleiar

975 52 097

esther.aasen.bjelland@stord.kommune.no

Om bedriften

Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e850f60b-fa81-461b-b9ef-03a91d9cce58

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

e850f60b-fa81-461b-b9ef-03a91d9cce58

Lignende annonser