Blås i det! Dagtidsstilling med pasientretta arbeid, kunne det vore betre? Søk då vel
Lungeavdelinga/ Lunge Poliklinikk, dageining og rehab., Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Blås i det! Dagtidsstilling med pasientretta arbeid, kunne det vore betre? Søk då vel
Oppstart
15. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Er du ute etter ein jobb i eit triveleg og godt arbeidsmiljø? Trivst du med å jobbe med pasientar og vil helst jobbe dagtid? Søk jobb hos lungeavdelinga. Vi legg vekt på at ulike profesjonar skal samarbeide om pasientbehandlinga, dele erfaringar, kunnskap og kompetanse. Vi tilbyr variert og spennande arbeid, eit godt arbeidsmiljø og gode, støttande kollegaer. Velkommen til oss, ein innovativ og ikkje minst hyggeleg avdeling.
Lungeavdelinga driv med spesialisert utgreiing og behandling av pasientar med lungesjukdommar i Helse Vest. Vi har i tillegg stor forskingsaktivitet i nært samarbeid med andre avdelingar og institusjonar både regionalt og nasjonalt.
Vi har ein stor og variert poliklinikk- og dagbehandlingseining for lungepasientar. Avdelinga har to sengepostar med totalt 38 sengeplassar. Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar og Nasjonal Kompetanseteneste for Heimerespiratorbehandling er og knytt til avdelinga.
Vi søker primært etter bioingeniørar, men du med annan helsefaleg utdanning kan også søke. Vi har ledig ein fast stilling og eit vikariat fram til sommaren 2026. Vi treng deg frå medio september 2025 eller etter avtale. Vi ønsker at du jobbar 100%. Dette er dagtidsstillingar som også inkluderer laurdagsvakter ved lungeavdelinga sine sengepostar om lag kvar femte veke. Det vil seie morgonrunde med blodprøvetaking.
Arbeidsoppgåver
- Utføring av lungefunksjonstestar
- Blodprøvetaking ved lungepoliklinikk og morgonrundar ved Lungeavdelinga sine sengepostar
- Halde seg fagleg oppdatert innan fagfeltet
- Tverrfagleg samarbeid med legar, bioingeniørar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og merkantile ved Lungeavdelinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør, ev. annan helsefagleg utdanning
- Avdelinga ønsker ein tilsett som trivast med å jobbe sjølvstendig og i tett samarbeid med andre faggrupper. Har du erfaring frå arbeid med lungepasientar og/eller respirasjonsfysiologiske testar kan det bli lagt vekt på
- Du meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er:
- engasjert, likar faglege utfordringar og har interesse innan feltet lungesjukdom
- løysingsorientert, har evne til å jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- trivast i eit aktivt og travelt miljø med varierte utfordringar
- godt humør og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- gode IKT-kunnskapar er ein fordel
Vi tilbyr
- God opplæring og oppfølging
- Internundervisning
- Fagleg høgt nivå
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø!
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Thomas Berge, Seksjonsleiar, 55974082, thomas.berge@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4992088997
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 15.09.2025
Søknadsfrist: 10.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e831ea26-9e4b-4743-80ba-c1186163fe5b
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1da58b91d58c4271a9413d4049962b6b