Driftsoperatør / Byggdriftar - 100% fast stilling
Gol kommune Eigedomsavdelinga
Gamlevegen 4, 3550 Gol, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du erfaring med drift og vedlikehald av bygg, og ønskjer ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver? Vi i Gol kommune søkjer no etter ein ny kollega til ein 100% fast stilling som driftsoperatørar / byggdriftarar ved avdeling for drift og vedlikehald.
Etter mange år med verdifull innsats går vår dyktige kollega av med pensjon. Difor søkjer vi no ein engasjert og kompetent fagperson med interesse for kommunal eigedomsdrift til å ta over rolla.
Om verksemda
Verksemd eigedom i Gol kommune har ansvar for planlegging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg. Verksemda inneheld:
- Avdeling for drift og vedlikehald
- Avdeling for reinhald
- Prosjekt
Totalt har verksemda 35 tilsette. Du vil verte ein del av eit triveleg fagmiljø med høg kompetanse og eit sterkt engasjement for kvalitet og samfunnsansvar.
Arbeidsoppgåver- Dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av kommunale bygg og grøntareal
- Reparasjonar og praktiske oppgåver både inne og ute
- Eigenkontroll og oppdatering i FDV-system
- Vedlikehald av maskinar og utstyr
- Fagbrev innan relevant byggfag (t.d. byggdrift, tømrar, røyrleggjar, elektrikar e.l.)
- Utvida relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev
- Erfaring med bruk av FDV-system og digitale verktøy
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B (klasse BE er ønskjeleg)
- har erfaring med FDV system
- tek initiativ og trivst med faglege utfordringar
- arbeider sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- er løysingsorientert, strukturert og fleksibel
- har god evne til å kommunisere og samhandle med ulike menneske
Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:- Variert og meiningsfull arbeidshverdag i eit godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling og kompetansebygging
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande tariffavtalar og lovverk
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e82889d5-0cd5-40af-8ef5-9d1c74588f88
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3511007_199587_nn