Hopp til innhold

Ein sjeldan sjanse - dagleg leiar i Den norske bokbyen

Arbeidsgiver

Stiftinga Den Norske Bokbyen

Sted

Fjærlandsfjorden 308, 6848 Fjærland

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Den norske bokbyen AS har sidan 1996 drive bruktbokhandel i Fjærland. No har me ledig stilling som dagleg leiar.

Vil du jobba med gjenbruk, sal, utvikling og marknadsføring i fagre Fjærland? Me søkjer dagleg leiar i 50% stilling frå januar 2026.

Stillingstittel
Daglig leder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager og lørdag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Hva vi ser etter

Me ynskjer deg som har

  • Røynsle med sal og butikkarbeid
  • Teft og iderikdom innan marknadsføring og utvikling
  • Eit stort hjarta for bøker, Fjærland og gjenbruk
  • Stødig språkføring på nynorsk og gode kommunikasjonsevner munnleg og
    skriftleg
  • Samarbeidsevne og pådriv
  • Kunnskap og interesse for heimesider, nettbutikk og å byggja ein
    kundemasse

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåvene er særs varierte, og inneber mellom anna

  • Drift og utvikling av bokutsal i Fjærland
  • Drift og utvikling av nettbutikk og heimeside på bokbyen.no
  • Marknadsføring, utviklings- og salsarbeid
  • Personalansvar for sesongtilsette
  • Samarbeid med styret for Den norske bokbyen AS
  • Samarbeid med Stiftinga den norske bokbyen, reiselivsnæringa og andre
    aktørar i og utanfor Fjærland

Vi tilbyr

Me tilbyr ei fleksibel arbeidsordning, løn etter avtale, privat

pensjonsordning og ein særs engasjerande og gjevande jobb der du skaper

din eigen arbeidsdag. Den norske bokbyen AS er glad for å få søknader

frå kvalifiserte søkjarar uansett bakgrunn og funksjonsvariasjon. Søknadsfrist 14. november.

Om bedriften

Den norske bokbyen as driv med gjenbruk, sal, utvikling og marknadsføring - bruktbokhandel i Fjærland i Sogndal kommune i Vestland.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e7fc388f-fd40-4a0e-a660-b0eeb7b4e17a

Sist endret

15. november 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

e7fc388f-fd40-4a0e-a660-b0eeb7b4e17a

Lignende annonser