Hopp til innhold

Helsesjukepleiar 100% fast stillingStryn helsestasjon

Arbeidsgiver

Stryn Kommune

Sted

Setrevegen 4, 6783 Stryn

Om jobben

Stillingstittel
Helsesjukepleiar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 28. april

Vil du gjere ein skilnad for barn og unge i Stryn?
Er du helsesjukepleiar – eller under utdanning til å bli det – og ønskjer ein jobb der du verkeleg kan bidra til tryggleik, helse og trivsel for barn, ungdom og familiane deira? Då har vi ei spennande moglegheit for deg!

Kvifor velje oss?

  • Eit levande og utviklingsorientert fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver som spenner frå helsefremmande arbeid til tett foreldrestøtte
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling – vi legg til rette for kurs, rettleiing og kompetanseheving
  • Eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø der vi løftar kvarandre og jobbar i lag
  • Velutvikla tverrfagleg samarbeid med andre tenester som jobbar for barn og unge – med etablerte møtepunkt og gode strukturar
  • Stryn er ein kommune med levande lokalsamfunn og nærleik til fjord, fjell og eit breitt spekter av friluftsaktivitetar. Her finn du gode oppvekstvilkår, variert kulturtilbod og natur som inviterer til aktiv fritid året rundt.

Om oss
Helsestasjonen held til i moderne lokalar på Stryn helsesenter, Setrevegen 4. Her jobbar helsesjukepleiarar, jordmor, sjukepleiar, fysioterapeut og sekretær – i tillegg til lege knytt til tenesta. Vi samarbeider tett med skular og barnehagar, og kommunen har gode, etablerte strukturar for tverrfagleg samarbeid. Vi legg vekt på tidleg innsats, trygge relasjonar og heilskapleg oppfølging av barn, unge og familiar.

   

Arbeidsoppgåver

Som helsesjukepleiar vil du jobbe med barn og unge frå 0–20 år og familiane deira. Du får varierte og meiningsfulle oppgåver, mellom anna:

  • Kartlegging og oppfølging av barn og ungdom si helse, trivsel og utvikling
  • Helseopplysning og undervisning i klassar og grupper
  • Rettleiing om seksuell helse og prevensjon
  • Foreldrerettleiing individuelt og i grupper
  • Tverrfagleg samarbeid på system- og individnivå
  • Vaksinering og smittevernarbeid
  • Oppfølging av flyktningar

Kvalifikasjonar

 
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar og godkjend vidareutdanning som helsesjukepleiar.
    • Søkarar som er under utdanning, eller som har planlagt oppstart seinast hausten 2027, kan bli vurderte. Desse må forplikte seg til å fullføre studiet innan normert tid og inngå bindingstid på 2 år ved tilsetting. Søkarar med fullført helsesjukepleiarutdanning vil bli prioritert.
    • Dersom du ikkje har vidareutdanning som helsesjukepleiar, er det ein fordel med relevant erfaring frå arbeid med barn, unge og foreldre – gjerne frå helsestasjon, skulehelsetenesta eller anna førebyggande helsearbeid
    • Erfaring frå førebyggande psykisk helsearbeid med barn, unge og foreldre vil bli særleg vektlagt
    • Sertifisering innan ICDP, COS-P, PMTO eller andre foreldrerettleiingsmetodar er ein fordel
    • Gode digitale ferdigheiter
    • Førarkort klasse B og tilgang til bil
     

    Personlege eigenskapar

    Vi ønskjer ein trygg og fagleg engasjert person som:

    • Kommuniserer godt og skaper tillit i møte med barn, foreldre og samarbeidspartnarar
    • Er varm, lyttande og tydeleg i samtalar, også når tema er krevjande
    • Arbeider strukturert og sjølvstendig, og samtidig trivst med samarbeid i eit tverrfagleg team
    • Tek initiativ, er fleksibel og finn gode løysingar i ein arbeidssituasjon som kan vere variert og uforutsigbar
    • Bidreg positivt til eit lærande og utviklingsorientert fag- og arbeidsmiljø

    Klar for å bli ein del av vårt team?
    Ta kontakt for ein uforpliktande prat – vi vil gjerne høyre frå deg!

     

    NB! Nedskriving av studielån etter Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr. 25.000,- for buande i Stryn kommune

    Kontaktinformasjon

    Hilde Nordli Løvik, Leiande helsesjukepleiar, 941 70 726
    Mona Helen Kile, Einingsleiar helsetenester, 957 33 547

    Arbeidsstad

    Setrevegen 4
    6783 Stryn

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stryn Kommune

    Referansenr.: 5109478832
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 28.04.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Mona Helen Kile

    Einingsleiar helsetenester

    957 33 547

    Hilde Nordli Løvik

    Leiande helsesjukepleiar

    941 70 726

    Om bedriften

    Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

    Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.

    Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    e7ee3b88-c1f2-4281-a173-084f575f9206

    Sist endret

    8. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    5f1750eadd2a4f2db27945dc9a286d1e

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser