Biblioteksjef
Vågå Kommune
Edv.Stormsveg 2, 2680 Vågå
Om jobben
Stillingstittel
Bibliotekansvarlig
Oppstart
1. april 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, ukedager og lørdag
Antall stillinger
1
Vågå bibliotek er plassert i Vågåmo sentrum og har pr. i dag totalt to 100 % stillingsheimlar. Biblioteket ønskjer å vere ein viktig møteplass, debatt- og kulturarena i bygda og skal vere eit bibliotek for alle aldersgrupper. Formidling for barn og unge er ei prioritert oppgåve, og biblioteket samarbeider godt med barnehagane og skulane i Vågå.
Biblioteket har ca 20 000 utlån i året (2021). Gjennom året er det fleire arrangement og forfattarbesøk på biblioteket. Vågå bibliotek opna Vågå gamingrom i 2021, og er i tillegg ansvarlege for utlån av sportsutstyr frå utstyrssentralen. Vågå bibliotek er utviklingsorientert og arbeider mot meirope bibliotek.
Biblioteket samarbeider om bibliotektenester og kulturarbeid med nabokommunane. Biblioteket er del av barnehage, utdanning- og kultursektoren i kommunen og rapporterer til tenesteleiar for kultur.
ArbeidsoppgåverSom biblioteksjef er du ansvarleg for
- Leiing og dagleg drift av biblioteket
- Utvikling av biblioteket i tråd med samfunnet og brukarane sine behov
- Oppfølging av personalet og personalutvikling
- Økonomistyring med ansvar for budsjett og rekneskap
- God samhandling med skulane, barnehagane, dei andre tjenestene i kommunen og eksterne samarbeidspartar
- Delta i, og medverke til å vidareutvikle det interkommunale samarbeidet om bibliotektenester og kulturoppgåver
- Skrankevakter i biblioteket si opningstid, noko arbeid på kveld og på laurdagar
- Kvalifikasjonar som fagutdanna biblioteksjef eller tilsvarande utdanning
- Relevant leiarerfaring
- God økonomikunnskap og -forståing
- Samfunnsorientert, litteratur- og kulturinteressert
- tydeleg, open, raus og kreativ og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har god avgjerds- og gjennomføringsevne
- er positiv, med evne til å involvere og skape engasjement
- har evne til omstilling og nytenking
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
- har grunnleggjande kjennskap og gode haldningar til bruk av IKT
Relevant praksis og personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og avtaler.
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte:
Kommunalsjef Hilde Reitan, tlf 48 23 41 01.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 01.02.2023.Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Om bedriften
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har ca 3600 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Er du glad i friluftsliv kan du i Vågå kommune kombinere jobb med eit kvardagsliv nærme naturen med skog, fjell og gode fiske- og jaktmoglegheiter som gjev spennande naturopplevingar. Vågå har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter. Vågå har moderne kulturhus, kino og galleri.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2214029
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e7cdd4e3-8a39-4ef5-a9ef-a95193d33c10