Ser du føre deg å bidra til at eldre bygningar blir tekne vare på, slik at historie og kulturarv vert halde i hevd?
Voss Folkemuseum
Mølstervegen 143, 5705 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bygningsarkitekt
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. oktober
Send søknad til
Som bygningsvernkonsulent følgjer ein opp og gjennomfører aktivitetar knytt til bygningsvern både ved museet, i kommunane og regionalt. Hardanger og Voss har mange historiske bygningar, og er regional læringsarena for bygningsvern. Stillingane som bygningsvernkonsulent byr på ein variert og sjølvstendig kvardag der du vil arbeida tett med dei ulike tilsette i museet, frå konservatorar til handverkarar, samt eigarar av freda og verneverdige hus og tilsette i forvalting i kommune og fylkeskommune. Stillingane som bygningsvernkonsulent rapporterer til dei to avdelingsleiarane ved høvesvis Voss folkemuseum og Hardanger folkemuseum.
ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER:-
Vera rådgjevar i høve bygningane Hardanger og Voss museum forvaltar
-
Vera rådgjevar til kommunar og innbyggjarar når det gjeld verneverdige og freda bygg
-
Gje råd om søknadsskriving, dokumentasjon m.m. i høve restaurering og vedlikehald av bygg i regionen
-
Bidra til formidling og auka interesse for bygningsvern
-
Halda seg oppdatert på utviklinga innanfor feltet og delta i relevante nettverk og forum
-
Samarbeid og koordinering med dei andre bygningsvernkonsulentane i Vestland
-
Dei som vert tilsett må rekna med ein del reiseverksemd i kommunane og regionen
-
Relevant høgare utdanning er ynskjeleg, til dømes arkitektutdanning, bygningsvernfag, kulturhistoriske fag
-
Kjennskap til byggeskikk, bygningshistorie, arkitekturhistorie og teknisk dokumentasjon
-
God digital kompetanse
-
Gode språkkunnskapar i nynorsk og engelsk. Nynorsk er arbeidsspråket.
-
Søkjar må ha førarkort for bil
-
Utviklingsorientert med stor fagleg interesse og engasjement
-
Initiativtakar med god gjennomføringsevne
-
Gode formidlings- og kommunikasjonsevner
-
Gode samarbeidsevner og god serviceinnstilling
Bygningsvernkonsulent for Voss har oppmøtestad på Voss folkemuseum.
Hardanger og Voss museum kan tilby spanande og varierte utfordringar. Du vert del av eit kunnskapsrikt og inspirerande arbeidsfellesskap.
Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna.
Museet har gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Hardanger og Voss museum er eit regionmuseum der m.a. bygningsvern og immateriell kulturarv står sentralt. Gjennom fagleg arbeid og stort engasjement er målet vårt å vera ein sentral samfunnsaktør i regionen. Museet har om lag 70 årsverk.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e78d9e73-8bf1-4ff1-b034-f9cb8e67bce6
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e78d9e73-8bf1-4ff1-b034-f9cb8e67bce6