Byggeleiar til skredsikringstiltak
Infrastruktur og veg, Vestland fylkeskommune
Gurid Almenningens Plass 1, 5700 Voss, Askedalen 2, 5863 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Byggeleiar til skredsikringstiltak
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. oktober
Avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Vi arbeider for trygge kvardagsvegar og vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Vi er ein stor byggherre innan samferdsle og har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.
Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, og fremjar regional utvikling.
Seksjon for mindre skredsikringstiltak har ansvar for planlegging og utføring av skredsikringstiltak på fylkesvegane våre. Døme på slike tiltak er reinsk og sikring av fjellsider og vegskjeringar, oppføring av fanggjerde, steinsprangnett, isnett og anna siring av berg og lausmassar, samt sikringstiltak mot snøskred.
Til seksjon mindre skredsikring er vi på jakt etter to byggeleiarar med arbeidsstad Leikanger og Voss. Stillinga er fast.Arbeidsoppgåver
Som byggeleiar hos oss vil du få ansvar for å følge opp prosjekt og du vil jobbe tett saman med prosjektleiarar, andre byggeleiarar og kontrollingeniørar.
Ansvarsområder vil vere:
- Teknisk og økonomisk hovudansvar for gjennomføring og evaluering av kontraktar
- Følge opp og rapportere på økonomi, kvalitet, fremdrift og HMS på eigne prosjekt
- Arbeid med utarbeiding av konkurransegrunnlag
- Arbeidsleiing av kontrollingeniørar
- Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
- Ansvarleg for kontakt med offentlege etatar, grunneigarar og andre som vert berørd av anleggsarbeidet
- Bistå i reguleringsplanar, byggeplaner/detaljplaner
- Aktivt bidra i skredsikringsmiljøet internt og eksternt
Kvalifikasjonar
Du har relevant høgare utdanning. Minimum 3 år med relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har fagbrev eller teknisk fagskule og relevant erfaring, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
Det er ein fordel med erfaring frå fagmiljøet geologi og skred eller har kunnskap innan fagområdet skred og skredsikring. Du må trivast med kombinasjon av kontorarbeid og synfaringar.
Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne og førarkort kl. B. Du må også ha god kompetanse i å nytte IKT- verktøy.
Vil du vite meir om stillinga er du velkomen til å ta kontakt med leiar for seksjonen: Jorunn Hillestad Sekse, tlf. 97425209, eller du kan ta kontakt med prosjektleiar: Tove Taranger Knutsen tlf. 91387997
Personlege eigenskapar
Du evnar å arbeide sjølvstendig og har god gjennomføringsevne. Du er strukturert og handterer godt ein kompleks og variert arbeidskvardag.
Stillinga inneber mykje kontakt med relevante samarbeidspartar, både internt og eksternt, og det er difor viktig at du er god på og kan trivast i samhandling med andre.
Vi tilbyr
Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø og vil ha varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling.
I tillegg får du mellom anna:
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
- tilgang på tenestebil.
Kontaktinformasjon
Jorunn Hillestad Sekse, leiar, 97425209Arbeidsstad
Askedalen 25863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5017556758
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Jorunn Hillestad Sekse
leiar
97425209
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a7c7f67d-06db-4759-89df-41c7731abac8
- Hentet fra
talentech
- Referanse
47f678ce5bcf46bb81735680aab047a7