Er du sjukepleiar, har gode samarbeidsevne og ønskjer å være med å gi fagleg retning? Då er du kanskje den vi ser etter!
Alver kommune Sjukeheimar
Idrettsvegen 2, 5936 Manger
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - 100 % fast stilling Radøy velferdssenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi søkjer etter ein sjukepleiar til 100 % fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vi utbetaler rekrutteringstillegg ved tiltrede på kr 50 000,- mot bindingstid på 2 år for eksterne søkjare.
Radøy VelferdssenterRadøy Velferdssenter har 4 avdelingar, der to av avdelingane er tilrettelagde for demente pasientar og har utgang til ein sansehage. Me har både Kortidsplassar og langtidsplassar. I mars 2019 starte me opp avdeling Florence, der vi har tre pallative sengeplassar. Radøy Velferdssenter har kring 60 tilsette, og sjukeheimslege i 60% stilling. Maten vert servert frå kommunalt kjøkken - Radøy Matsørvis.
Som sjukepleiar vil du vere med i organisering av det daglege arbeidet i di avdeling, og veilede studentar og anna helsepersonell. Som sjukepleiar er du ein naturleg del av styringsgruppa ved sjukeheimen. Gruppa set retning for utvikling av sjukeheimen, og er samansett av sjukepleiarene, lege og leiar. Vi kan tilby ein spanande og aktiv arbeidskvardag med særs varierande arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og interne rutiner
- Tverrfagleg samarbeid
- Veiledning av studentar, lærlingar og kolleger.
- Samarbeid med pårørande, og på tvers av tjenestane i kommunen
- Være ein pådrivar i avdelinga for å sikre gode tjenestar til pasientane
- Være aktiv pådrivar for at pasientane våre får brukt sine eigne ressursar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna uanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Vi søkjer etter ein sjukepleiar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å lære noko nytt kvar dag og trivst med å arbeide med brukarar med komplekse helseutfordringar. Du er ein som lett får oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilete og prioritere i en travel kvardag. Vi ser etter ein sjukepleiar som i tilleg til å være tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du er ein bidragsyter i arbeidsmiljøet, er fleksibel og jobbar godt i team
Vi tilbyr- Spennande og faglig utfordrande arbeidsoppgåver
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
- Pensjonsordning gjennom KLP
- Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede
- Sjukepleiare i Alver kommune ligg kr 10 000,- over minstelønnstabellen til KS
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2296320
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3141829_194553_nn