Sommarvert/guide på Gulatinget 2025
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kultur og mangfald. Tilsetjing av sommarvert Gulatinget 2025
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Om stillinga
Er du ein utadvend, historieinteressert person som likar å lære og formidle? Er du interessert i vikingtid og glad i folk? Då søker vi deg til å vere sommarvert/guid på Gulatinget sommaren 2025!
Om sommaren, spesielt i juli månad, er det ei spanande og travel tid i Gulen. Kommunen har mange besøkjande frå inn- og utland som vil oppleve landskapet og lære om historia kor Gulatinget var samla gjennom 400 år. Som sommarvert/guide er du ein viktig person for oss!
Hjå oss vil du jobbe med formidling av historia knytt til Gulatinget og Gulatingslova, på historisk grunn og i fantastiske omgjevnadar i Eivindvik og på Flolid, kor Tusenårsstaden Gulatinget ligg i Gulen. Du vil få nødvendig opplæring, men har du forkunnskapar om Gulatinget, vikingtid/mellomalder og ikkje er redd for å kle deg i viking – då er dette den rette sommarjobben for deg! Du vil få høve til å jobbe sjølvstendig og ta initiativ til aktivitetar og tilbod. Du vil møte familiar, barn og unge, hyttefolk, europearar på bubiltur, amerikanarar og andre pilegrimar - og båtfolk.
Sjekk ut nettsida til Gulatinget for meir informasjon, og elles Gulen kommune si nettside.
Arbeidsoppgåver Praktisk informasjon om stillinga
- Ta i mot besøkjande på Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid
- Drive enkel kafé med sal av vafler, kaffi og bøker
- Guide grupper etter avtale i Eivindvik og på Flolid
- Publiserer innhald på Gulatinget sine SoMe-kanalar
- Andre oppgåver som måtte kome til
- Som sommarvert/guide hjå oss vil du få opplæring før du startar
- Arbeidsperiode: 24.06.2025 - 08.08.2025.
- Arbeidstid: ein vil jobbe i inntil 100% stilling i denne perioden, med arbeidsdagar tysdag til søndag (måndag fri). Perioden kan delast på fleire om ein ikkje får tilsett ein person i heile perioden.
- Løn vert fastsatt ved tilsetjing
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Du må vere fylt 18 år
- Uttrykke deg godt munnleg på norsk og engelsk
- Trivast i ei vertskaps- og omvisarrolle
- Ha interesse for og like å formidle historie
- Er sjølvstendig, står på og får ting gjort
- Trivast med variasjon i arbeidsoppgåver
- Disponere bil/anna transportmiddel (det er 3,7 km mellom Eivindvik og Flolid)
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted