Hopp til innhold

Miljøterapeut/miljøarbeidar

Arbeidsgiver

Luster kommune Hafslo omsorgssenter

Sted

Hafslovegen 122, 6869 Hafslo

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 11. oktober

Miljøterapeut/miljøarbeidar – vil du vere med og skape gode dagar?

Har du engasjement, kreativitet og lyst til å gjere ein forskjell i kvardagen til andre? Då kan dette vere stillinga for deg!

Hafslo omsorgssenter ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar, sentralt på Hafslo. Her møter du eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der me saman arbeider for at bebuarar og brukarar skal oppleve tryggleik, meistring, aktivitet og gode dagar.

Ved Hafslo omsorgssenter yter me tenester til personar med demenssjukdom som bur på omsorgsplass, til bebuarar i omsorgsbustadar og til heimebuande. Me har også eit dagsenter for personar med demenssjukdom. Personsentrert omsorg står sentralt i arbeidet vårt.

Om stillinga

Me har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar frå 25.01.2027 eller etter avtale.

Stillinga er delt mellom:

  • 60 % aktivitør ved omsorgsplassane
  • 40 % ved dagsenteret for personar med demenssjukdom

Dette er ei dagstilling måndag–fredag, utan turnus.

Me søkjer deg som ynskjer å bruke engasjementet og kreativiteten din til å skape innhald og gode opplevingar i kvardagen. Du får ei sentral rolle i å utvikle aktivitetstilbod som tek utgangspunkt i den enkelte sine interesser, ressursar og behov.

Arbeidsoppgåver

Du får hovudansvar for å planleggje, gjennomføre og vidareutvikle aktivitetstilboda ved omsorgssenteret.

Det kan til dømes vere:

  • song, musikk og underhaldning
  • turar og aktivitet ute
  • trim og fysisk aktivitet
  • sosiale møteplassar og fellesskapsaktivitetar
  • aktivitetar tilpassa den enkelte sine interesser og ressursar
  • planlegging og gjennomføring av aktivitetar ved dagsenteret
  • samarbeid med kollegaer, pårørande og andre rundt brukarane

Me ynskjer å skape aktivitetar som gir glede, meistring, fellesskap og meining – og som bidreg til at kvar enkelt får bruke ressursane sine.

Arbeidsoppgåvene kan variere ut frå behovet til bebuarar og brukarar. 

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som:

  • har relevant utdanning og/eller praksis. God og relevant praksis kan kompansere for utdanningskravet
  • er engasjert, kreativ og initiativrik
  • likar å finne nye måtar å skape aktivitet og gode opplevingar på
  • arbeider systematisk og strukturert
  • er trygg i møte med ulike menneske og har gode samarbeidsevner
  • kommuniserer godt og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • ser mennesket bak behovet og ønskjer å bidra til personsentrert omsorg

For arbeid ved dagsenteret inngår henting av brukarar som bur heime. Du må difor ha førarkort klasse B.

Hjå oss får du:

  • ein meiningsfull og variert arbeidskvardag der du kan gjere ein forskjell
  • stor moglegheit til å bruke kreativiteten din og utvikle aktivitetstilbod
  • arbeid måndag–fredag på dagtid
  • eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • moglegheit for fagleg utvikling
  • ein arbeidsplass der me arbeider saman for å skape gode dagar for bebuarar og brukarar
  • arbeid i ein veldriven kommune med gode og trygge rammevilkår
  • kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Vil du vere med og skape gode dagar på Hafslo omsorgssenter? Me ønskjer å høyre frå deg!

  

Andre opplysningar:

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Svanaug Dvergedal Torgersen

+47 48299818

svanaug.dvergedal.torgersen@luster.kommune.no

Om bedriften

Tilbyr - Omsorgsplassar for personar med demenssjukdom - Dagsenter for personar med demenssjukdom - Omsorgsbustader - Tenester til heimebuande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e6e66fa6-5ac3-4bb1-9b63-9d7f39eca5a4

Sist endret

18. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3660387_219713_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser