Hopp til innhold

Barne- og Ungdomsarbeidar/fagarbeidar stillingar

Arbeidsgiver

Bokn kommune Bokn skule

Sted

Boknatunvegen 37, 5561 Bokn

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vikariat/faste Barne- og Ungdomsarbeidar/fagarbeidar stillingar i Bokn kommune

 

Me har 3 ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar frå og med 01.01.26.Stillingsstørrelse varierer frå 50% til 100%, og arbeidsstad kan vere barnehage, sfo og skule.Ein av stillingane vil vera fast stilling, og dei andre er eit års vikariat med moglegheit for forlenging.

 

Bokn kommune har som mål å skapa eit trygt og inkluderande samfunn, som er med på å bygge opp robuste samfunnsborgarar, slik at det er kjekt å koma attende til Bokn.

Alle barn fortener ein god start. Barn og unge skal oppleva å læra, leika, utvikla seg og å meistra. Trygge rammer er viktige; trygge barn som trivs, lærer betre. I Bokn kommune skal me ha barnehage og skule som gjev høve til god utvikling for alle barn og unge - uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnadar. Dei må ha vaksne rundt seg som gjev støtte og omsorg, anten dei må ha hjelp til å finna seg ein ven, delta i leik eller læra seg å lesa, skriva og rekna og forstå samfunnet me lever i.

Bokn kommune har no utarbeida ny oppvekstplan.

Barnehagen og skulen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av bibliotek og kommunehuset. Me har kort veg til sjø, skog og mark og det gjer at me ofte er på tur her.

Barnehagen og skule har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse.

 Bokn barnehage

Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 40 barn, og 14 tilsette.

 

Bokn skule

Bokn skule er ein 1.-10. skule med 89 elevar.

 

Kven ser me etter?

Me søkjer ein trygg, varm, utadvent og leiken person som er god på relasjonar med både born og vaksne.

Du er engasjert på borna sine vegne, og opplever arbeid med born som meiningsfylt, viktig og engasjerande. Du må være fleksibel, kunne "ta ting på sparket", gå inn i alle typar oppgåver og delta i dei daglege aktivitetane.

Du er sjølvstendig og strukturert i arbeidet ditt, og du kan både gi og ta i mot rettleiing.

 

Barnehagen og skulen er mykje ute på tur, og naturen er ein del av vår leikeplass. Du må derfor vere glad i vere ute, og har du eit ekstra engasjement for natur, miljø og berekraft blir me veldig glade.

Kanskje har du nokre skjulte talent eller interesser som du ønsker å bruke i din arbeidsdag? Fortel oss gjerne om desse!

 Kompetansekrav

-       godkjend utdanning som fagarbeidar

-       erfaring frå arbeid i barnehage/skule

-       beherske norsk på eit godt nivå, bestått språktest B2

-       beherske digitale verktøy

 

Som arbeidsgivar kan me tilby

-       lønn etter tariffavtale

-       moglegheit for personleg og fagleg utvikling

-       medlemskap i offentleg pensjonsordning

 

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillingar"

Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.  

Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

 

Søknadsfrist    30.12.2025                                 Utlyst dato        05.12.25

 

Kontaktperson

Kate Åse Helgø, Barnehagestyrar, tlf: 48254428, kate.ase.helgo@bokn.kommune.no

Åse Bratthammer, Oppvekstsjef, tlf 95839162, ase.bratthammer@bokn.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bokn skule er med sine 25 tilsette og om lag 90 elevar ein svært viktig institusjon for lokalsamfunnet. Skulen dekkjer barne og ungdomstrinnet, har høgt fagleg fokus og jobbar systematisk for skape eit godt, trygt og framtidsretta skule og læringsmiljø der alle elevar får oppleva å høyre til i eit inkluderande fellesskap. Målet vårt er å utvikle engasjerte, motiverte og nysgjerrige elevar som tek aktivt del i si eiga læring. Skulen flytta på nyåret 2023 inn i eitt nytt, flott bygg med spennande spesialrom og gode store fellesareal. Skulen driv opplæring i aldersblanda grupper og har digitale læringsverktøy 1:1. Dei aldersblanda guppene har to kontaktlærarar som samarbeider om elevane og undervisninga. Bokn kommune samarbeider med andre kommunar på Haugalandet og deltek jamleg på felles nettverksmøter og fagsamlingar. Som tilsett på Bokn skule får du ei viktig rolle i arbeidet med å skape gode oppvekst – og læringsmiljø for våre elevar. Me søker deg som har eit inkluderande elevsyn, og som ser den enkelte elev.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e6913307-aecc-4ff8-bcc9-1cde6967049d

Sist endret

31. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3571899_241055_nn

Lignende annonser