Hopp til innhold

Leiar for oppvekst- og kultur

Arbeidsgiver

Solund kommune Oppvekst og kultur

Sted

Hardbakke 26, 6924 Hardbakke

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 26. oktober

Solund kommune jaktar ein strategisk og utviklingsorientert leiar som kan vere med på å sikre gode oppvekstvilkår og eit sterkt lokalsamfunn. Arbeidsoppgåvene er svært varierte og stillinga krev difor fleksibilitet. For at du skal trivast må du vere utviklingsorientert, positiv og god til å samarbeide på tvers av tenester og sektorar.

Som sektorleiar har du det overordna faglege ansvaret for oppvekst og kultur. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og har ein sentral rolle i utviklinga av kommunen.

Til stillinga ligg ansvaret som kommunal barnehage- og skuleeigar. I tillegg har du ansvaret for kulturskule, bibliotek, førebuande opplæring for vaksne, norskopplæring for vaksne innvandrarar og drift av den kommunale ungdomsklubben. PPT og barnevern er ein del av sektoren gjennom interkommunalt samarbeid.

Oppvekst- og kultur området står framfor viktige utviklings- og omstillingsprosessar. Du skal setje retning, prioritere og sørge for at tenestene utviklar seg i tråd med måla og behov. Samtidig skal du bidra til god ressursbruk, høgkvalitet og godt samarbeid mellom tenestene. Det høyrer ikkje ein eigen stab til sektoren, og du må difor vere god på å arbeide på eiga hand, samstundes som du må samarbeide godt med barnehagestyrar, rektor, kulturskulerektor og biblioteksjef.

BTI (Betre tverrfagleg innsats) er eit viktig satsingsområde i Solund. Saman med leiar for helse- og omsorgssektoren og BTI-koordinatoren utgjer du prosjektgruppa i kommunen.

 

Stillinga inneber mellom anna:
  • Leie og utvikle oppvekst- og kulturområdet med tydeleg retning og struktur
  • Utvikle og støtte leiarane i sektoren
  • Følgje opp og forbetre resultat innanfor læring, trivsel og kvalitet
  • Sikre god økonomistyring i sektoren
  • Styrke samarbeidet på tvers av tenester og sektorar
  • Enkeltvedtak etter barnehagelova og opplæringslova
  • Utarbeide saksframlegg til politisk nivå, og oppfølging av politiske vedtak
  • Bidra i ulike regionale samarbeid innanfor oppvekstfeltet
  • Administrator for ulike fagsystem
  • Personalansvar

 

Organisasjonen er i endring, og ansvarsområda og oppgåver kan endre seg etter kvart.

 

Kvalifikasjonar:
  • Utdanning på høgskule/universitetsnivå. Styrar-/rektorskule vil vere ein føremon
  • Det vil bli lagt stor vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar ved tilsetjinga.
  • Kjennskap til aktuell lovgiving og offentleg forvalting og forståing for kommunale prosessar (viktig å forstå kva det vil sei å arbeide i ein politisk styrt organisasjon) det finst sikkert ei betre formulering.
  • Leiarerfaring og praksis frå oppvekstsektoren er ein fordel.
  • Evne til å legge til rette for ein open og tillitsfull dialog mellom ulike samarbeidsaktørar.
Vi tilbyr
  • Ei meiningsfull og utviklingsorientert leiarstilling
  • Moderne undervisningslokale
  • Engasjerte tilsette
  • Leiarstøtte og korte beslutningsliner i organisasjonen
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP, du kan lese meir om det her
  • Du kan søkje om å få stetta studielån frå lånekassen dersom du bur i en kommune med sentralitetsklasse 6. Les meir om stetting av studielån her
  • Ein kvardag tett på natur, sjø og friluftsliv
Søknad

Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.

Offentleg søkjarliste:
Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25. Dersom ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste ikkje vert teke til følgje, vil søkjaren  bli varsla før offentleggjering.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Øystein Bolset Strand

+47 948 01 450 +47 57 78 62 35

oystein.bolset.strand@solund.kommune.no

Om bedriften

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e63b12e1-9d65-4c78-b799-85e3bf415aed

Sist endret

21. september 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3663541_212679_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser