Kyrkjeverje 60 %
Solund Sokn
Hardbakke 24, 6924 Hardbakke, Solund, Vestland
Om jobben
Solund sokn er ei religiøs verksemd knytt til Den norske kyrkje. Soknet er ein del av Nordhordland prosti og Bjørgvin bispedøme, og styrast av eit folkevald sokneråd. Til saman forvaltar soknerådet tre kyrkjer, fire gravplassar, eit bårehus, to kyrkjekaier og eit kyrkjelydshus.
- Oppstart
- 2. januar 2027
- Stillingstittel
- Kirkeverge
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. november
Send søknad til
Hva vi ser etter
Ynskja kvalifikasjonarUniversitets-/høgskuleutdanning, innan økonomi og administrasjon/leiing eller anna relevant utdanning. Søkjarar utan høgskuleutdanning med relevant praksis vert også vurderte. NOKUT-godkjenning må vedleggast for utanlandsk utdanning.
Erfaring som leiar med personalansvar vert vektlagt
Erfaring innan organisasjonsutvikling vert vektlagt
God økonomi- og IKT-kunnskap
God kjennskap til og engasjement for Den norske kyrkje som organisasjon og offentleg forvaltning
Må ha gode språkferdighetar, samt beherske norsk munnleg og nynorsk skriftleg.
Må vere medlem av Den norske kyrkje.
Fordel å ha sertifikat for og disponere bil.
Personlege eigenskaparSamarbeida og kommunisera godt med andre tilsette, friviljuge, samarbeidspartnarar og brukarar. Har gode munnlege og skriftlege framstillingsevnar.
Innehar gode leiareigenskapar, er sjølvstendig, systematisk, strategisk og løysingsorientert. Det er og ei fordel med praktisk kunnskap om vedlikehald av gamle bygg. Både innvendig og utvendig.
Arbeidsoppgaver
Kyrkjeverja er øvste administrative leiar for soknet si verksemd og har ansvar for mellomanna økonomistyring og personalansvar for dei tilsette i soknet, vedlikehald, drift og forvaltning av kyrkjer og gravplassar. I tillegg er kyrkjeverja sekretær og sakshandsamar for soknerådet og andre utval.
Vi tilbyr
Soknet lysar no ut ein fast stilling i 60%
Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for heimekontor.
Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver.
Løn etter avtale.
Pensjonsordning i KLP.
Arbeidsforholdet vert regulert av Hovudavtala, Hovudtariffavtala og sentrale avtaler inngått på kyrkjeleg sektor (KA), samt lokale reglement vedteke med heimel i tariffavtale.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Soknet i Solund kommune. Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden, med gode transporttilbod til fastlandet, både nord og sørover. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I Solund Idrettspark finns kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discogolfbane, klatreanlegg og nytt treningsstudio. Vi har òg symjebasseng, aktive idrettslag og kulturskule.
Solund sokn er ei religiøs verksemd knytt til Den norske kyrkje. Soknet er ein del av Nordhordland prosti og Bjørgvin bispedøme, og styrast av eit folkevald sokneråd. Til saman forvaltar soknerådet tre kyrkjer, fire gravplassar, eit bårehus, to kyrkjekaier og eit kyrkjelydshus. Vi er seks tilsette og utgjer litt over to og eit halvt årsverk, medan soknepresten er tilsett i full stilling av bispedømet. Soknet dekkjer heile Solund kommune. Du kan lese meir om Solund sokn på nettsida vår www.solund.kyrkja.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dba915be-0688-4c0b-b224-0ddf09abf869
- Sist endret
13. oktober 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
dba915be-0688-4c0b-b224-0ddf09abf869