Hopp til innhold

Driftsleiar kantine

Arbeidsgiver

    Stryn vidaregåande skule

Sted

Hegrevegen 1, 6783 Stryn

Om jobben

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
Driftsleiar kantine
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 12. mai

Stryn vidaregåande skule ligg sentrum av tettstaden Stryn, inst i Nordfjord. Skulen har om lag 270 elevar og 60 tilsette. Vi tilbyr følgjande utdanningsprogram: Teknologi- og industrifag, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering. I tillegg har vi landslinje i skiskyting og vaksenopplæring i sal, service og reiseliv (Gloppenmodellen) og modulstrukturert opplæring for vaksne i salsfaget. Vi legg vekt på kvalitet i opplæringa, nær kontakt med arbeidslivet, eit inkluderande læringsmiljø for elevar og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Stryn vidaregåande skule søkjer ein driftsleiar for kantina, storkjøkkenet og Storstova i ei 100 % fast stilling frå 01.08.2026
Vestland fylkeskommune har ei tydeleg og langsiktig satsing på å gjere kantinetilbodet sunnare og meir berekraftig, og er ein del av det nasjonale prosjektet Matvalget. Stryn vidaregåande skule deltek aktivt i dette arbeidet.
Skulen har som mål å tilby eit attraktivt og framtidsretta tilbod til elevar, tilsette og lokalsamfunnet, med vekt på kultur, tradisjon, berekraft og folkehelse. Vi ønskjer difor å tilsetje ein driftsleiar med god fagleg kompetanse, som er nyskapande og utviklingsorientert.
Den som blir tilsett må vere serviceinnstilt, kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar for vidare utvikling av tilbodet. Det vil bli lagt stor vekt på gode samarbeidsevner og vilje til å vidareutvikle både nye og eksisterande driftskonsept.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift av skulen si kantine i tråd med gjeldande krav til internkontroll (IK-mat) og dei utviklingsprosjekta kantina deltek i
  • Ansvar for innkjøp, økonomi, utleige og andre oppgåver knytte til drift av kantine og Storstova
  • Planlegging og tilbereding av bakst, kald og varm mat
  • Aktiv deltaking i vidareutvikling av eit godt mattilbod og eit triveleg miljø for elevar, tilsette og lokalsamfunn
  • Arbeidsleiar for andre tilsette i kantina

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer deg som har:

  • relevant fagbrev og solid erfaring frå tilsvarande arbeid
  • god digital kompetanse og evne til å nytte digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • forståing for økonomi og budsjettering knytt til drift
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • kjennskap til regelverk for mattryggleik, inkludert IK-mat og HACCP
  • godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • har ei positiv haldning, er serviceinnstilt og trivst i arbeid med ungdom
  • bidreg aktivt til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • er fagleg engasjert og utviklingsorientert innan mat og måltid
  • er fleksibel, løysingsorientert, ryddig og strukturert i arbeidskvardagen
  • er samarbeidsvillig, inkluderande og likar å jobbe saman med andre
  • har personlege eigenskapar som gjer deg godt eigna for stillinga

Vi tilbyr

Vi tilbyr:

  • ein meiningsfull arbeidssituasjon
  • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • moglegheit til fagleg og personleg utvikling
  • løn og lønsutvikling i samsvar med Vestland fylkeskommune sin gjeldande lønspolitikk
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Marit Løvøy Gascogne, avdelingsleiar, 48066029

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5116625133
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 12.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Marit Løvøy Gascogne

avdelingsleiar

48066029

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e624de72-17bb-4853-a05e-1e6b134c31aa

Sist endret

7. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3e92b62a91894e31b594a14a3cabbbb9

Lignende annonser

Laster lignende annonser